Eg har i ein tidlegare artikkel framsnakka blokkfløyta som seriøst musikkinstrument. Ein av dei som fekk meg til å forstå kor flott eit instrument blokkfløyta faktisk er, var den nederlandske blokkfløytespelaren og dirigenten Frans Brüggen (1934 – 2014).

Frå 1962 til 1979 utga Frans Brüggen ei lang rekkje lp-plater på plateselskapet Telefunken sin serie «Das Alte Werk». Denne serien oppstod om lag samstundes med tidlegmusikkrørsla, og framstod som ein møteplass mellom høgt kompetente musikarar og eit stadig meir interessert publikum.

160229_Frans_Bruggen_EditionFrans Brüggen var ein av desse høgt kompetente musikarane, og takka vere han fekk publikum ikkje berre høyre musikk av kjende komponistar som Johann Sebastian Bach og Georg Philipp Telemann,  men også mindre kjende, som Andrew Parcham, Giovanni Paolo Cima, Phillibert de Lavigne og mange, mange andre.

Sjølv trakterte han blokkfløyte og tverrfløyte, og saman med seg hadde han store musikarar som Gustav Leonhard og Nikolaus Harnoncourt. Slikt vert det vakker, variert og interessant musikk av.

Det er lenge sidan plateselskapet Telefunken forsvann frå marknaden. Det vart til Teldec, eit selskap som famna vidare enn tidlegmusikkserrien «Das Alte Werk». Etter kvart vart dette ein del av Warner Classics sin portefølgje. Men heldigvis forsvann ikkje innspelingane – ikkje alle av dei, i det minste. For Warnes Classics har samla ei rekkje av Frans Brüggen sine innspelingar, og gitt dei ut på 12 CD-ar, i ein boks dei har kalla «Frans Brüggen Edition» – her er ei lenke til ein stad ein kan kjøpe denne samlinga.

Tolv CD-ar med blokkfløytemusikk kan høyrast noko heftig ut. 2 kilo med konfekt er også ganske mykje. Men ein treng ikkje fortære alt på på gong. Og tek ein litt og litt, vil ein nok oppdage at det i denne samlinga er rikeleg med godbitar å hygge seg med!

Og ein liten forsmak kan du få her :

Biletet øvst på sida er eit utsnitt av eit portrett av Frans Brüggen, teke i 1969. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

Frans Brüggen – ein trollmann på instrumentet sitt