Den 3. september 2015 vart den svenske professoren Hans Rosling intervjua av ein journalist i det danske nyhendeprogrammet «Deadline». Det utvikla seg til å verte eit interessant intervju, på professoren sine premiss.

Hans Rosling vart innleiingsvis spurd om sitt syn på, sitat : « om migrasjon, om flyktningestrømme, om et Europa som er presset». Då tok han kommandoen. I løpet av ein samtale som varde i meir enn ni minutt gjekk Hans Rosling i rette med media som gjennom sitt utval av saker og si vinkling på desse, skapar eit feil inntrykk av kva som er situasjonen for storparten av menneska på jorda i dag.

Intervjuet er attgitt nedunder:

Basert på verifiserte data frå anerkjende instituasjonar som FN og verdsbanken teikna Hans Rosling eit ganske anna bilete av levekåra for folk i verda enn det storparten av media gjer. Konklusjonen hans var klår : Ein kan ikkje bruke nyhendestraumen frå media som grunnlag for å forstå verda.

Eg trur professoren har rett. Media går etter nyhende som «sel». Det er meir pirrande å vise dramatiske bilete av einskilde menneske i ekstreme situasjonar enn å formidle det viktige, men lite dramatiske livet til dei store massane. Kvardagar «sel» ikkje. Det gjer sensasjonar. Samtalar pirrar ikkje. Det gjer konfrontasjonar. Ettertanke fengar ikkje. Tabloide uttalar gjer.

Resultatet er at vi vert fora med store mengder informasjon som i og for seg ikkje treng vere feil, men som ikkje gjev oss forståing heller. Vi må byggje opp denne forståinga sjølve. For vår eigen del, og for verda vi lever i sin del.

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit bilete av Hans Rosling, © Gapminder Foundation

Informert – men kunnskapslaus ?