Edvard Grieg fann mykje inspirasjon i den norske folkemusikken, både songar og slåttar.

Spelemannen Knut Dahle tok kontakt med Grieg for å få skrive ned ein del slåttar han hadde samla i tradisjon etter dei gamle meisterspelemennene i Telemark. Det vart gjort ein avtale om at Dahle skulle reise til Kristiania, der Johan Halvorsen skulle stå for nedskrivinga.

I løpet av to veker i november 1901 vart 17 av desse slåttane nedskrivne av Johan Halvorsen. Notane vart sende til Grieg, som året etter gjekk i gang med å bearbeide dei for klaver. Dei vart gitt ut på Peters forlag i Tyskland i 1903 som hans opus nr.72.

Grieg_op_72Denne CD-en, utgitt på SIMAX med nr. PSC 1040, inneheld alle dei 17 slåttane, parvis spelt fyrst på hardingfele og deretter på klaver i Grieg si bearbeiding. Dette er så vidt eg veit, den einaste komplette samlinga av slåttane spelt både på hardingfele og piano.

Det er telemarksspelemannen Knut Buen som spelar hardingfeleversjonane, og her er slåttane i trygge hender. Knut Buen spelar slåttane i tradisjon etter Johannes og Gunnar Dahle, som var sønesønene til Knut Dahle. Overleveringa her har skjedd utan bruk av notar, og det er difor rimeleg å tru at versjonane kan vere litt endra i høve dei slåttane Johan Halvorsen høyrde Knut Dahle spele for meir enn 100 år sida.

Pianobearbeidingane til Grieg vert her spelt av Einar Steen-Nøkleberg. Eg synest nok han til tider spelar på ein maner som sikkert er historisk korrekt, men som ikkje alltid får så godt fram det rytmiske preget som er i slåttane. kanskje skuldast dette at eg har høyrt mykje på Eva Krardahl sine eldre innspelingar, der ho spelar denne musikken på ein langt meir «rå» og rustikk måte.

Men det er ei bearbeiding  Einar Steen-Nøkleberg spelar på ein nesten magisk måte, og det er «Myllargutens bruremarsj».

Det høyrer ei vemodig kjærleikshistorie til denne slåtten, og Steen-Nøkleberg får fram eit sårt og samstundes vakkert preg i spelet sitt som eg ikkje har høyrt andre gjere han etter. Den åleine forsvarar innkjøp av CD-en. Men det må også seiast at dei øvrige tolkingane til Steen-Nøkleberg så absolutt er verdt å låne øyre til.

Dessverre har eg ikkje opptak med Knut Buen og Einar Steen-Nøkleberg. Men systrene Åshild og Infrid Breie Nyhus har også spelt inn Slåtter Opus 72, og video-opptaket med dei som ein kan sjå nedunder, syner at det finnest fleire gode utøvarar som har spelt inn denne musikken.

Grieg : Slåtter, Op.72