Eit prakteksempel på himmelropande, kreativ galskap!

Kva er det med denne CD-en av Oddvar Torsheim som gjer han så interessant ?

Skjønnsang er det ikkje. «Terapeutiske sidesprang og nynorske primalskrik,» er karakteristikken han sjølv har på synginga si.  Han hevdar at at han ikkje kan synge, men at han har eit utmerka fråspark. Det kan han ha rett i.

Omslaget av plata er sjølvsagt illustrert av Oddvar Torsheim sjølv.
Omslaget av plata er sjølvsagt illustrert av Oddvar Torsheim sjølv.

Stor lyrikk er det heller ikkje. Tekstane hans er ikkje alltid like godt tilpassa melodien dei er skrivne til, og ordvalet er ofte meir sikta på å skape rim enn logisk meining.

Men dette er musikk av og med ein mann som ikkje er redd for å by på seg sjølv – og som gjer det i rikt monn. Og med flinke musikarar og gode koristar på laget er sluttresultatet slett ikkje å forakte. Tvert om.

Dessutan har musikken på CD-en ei forhistorie som er  noko for seg sjølv: Tekstane er opphavleg skrivne til melodiar av favorittgruppa til Oddvar Torsheim, The Beatles. Det var berre det at rettigheitshavarane ikkje ga han lov til å framføre songane til desse melodiane.  Då var det om å gjere å få laga nye melodiar til orda, og dette var ei utfordring ei rekkkje norske komponistar tok imot. Resultatet er eit knippe songar som rett nok røpar eit visst slektskap med opphavet, men som til dei grader står på eigne bein.

Forutan at eg av og til hyggjar meg med denne CD-en heime, er dette musikk som er kjekk å ha i bilen når ein skal køyre eit stykke. Med Oddvar Torsheim for full guffe i høgtalane skal det noko til å somne bak rattet.

Nedunder er ein video med kunstnaren i fri dressur. Hygg deg med den !

Oddvar Torsheim : Nynorskens skog