Kva er tru, og kva er overtru ?
I eit anna innlegg har eg definert tru som å halde noko for sant, utan å kunne verifisere det. Tenkjer ein etter, vil ein sannsynlegvis finne ut at mykje av det ein meiner å vite, i røynda er noko ein har vald å tru, av di ein av ulike grunnar reknar det ein trur som sannsynleg.
Det er vanskeleg å finne ein eintydig definisjon på omgrepet «overtru». Nokre meiner at ein må skilje mellom religiøs tru og overtru. Andre meiner at også religiøs tru er overtru. På internett finn ein tallrike innlegg om emnet.
For eigen del tenkjer eg at det er to faktorar som definerer korvidt ei tru er religiøs:
- Den eine er at trua omfattar krefter eller prinsipp som går ut over det jordiske tilveret for oss menneske. Tru på gudar ( eller ein Gud ) er døme på dette. Tru på prinsippet om karma er eit anna.
- Den andre er at trua grip inn i den truande sitt liv ved å påverke verdisyn og bidra til individet si oppfatning av seg sjøl og sin plass i tilveret.
For meg er det viktig å signalisere at eg i denne samanhengen ikkje skil mellom mi eiga religiøse oppfatning og oppfatninga andre måtte ha. Det er ikkje det same som at eg meiner alt er like bra eller like rett. Eller like gyldig – eller likegyldig. Hadde eg meint det, hadde eg i røynda hatt eit anna livssyn enn det eg har.
Når eg ser folk nytte omgrepet «overtru» om det andre folk trur, oppfattar eg at dei vil signalisere at det dei andre måtte tru eller meine, ikkje er verdt å ta på alvor. Bruken av omgrepet «overtru» vert på den måten språkleg maktbruk mot folk som tenkjer annleis enn ein sjølv.
Samstundes vert det eit uttrykk for liten vilje eller evne hos den som brukar omgrepet, til å ta på alvor folk som har andre oppfatningar enn ein sjølv. I eit samfunn som vert meir og meir mangslunge med omsyn til folk sin kulturelle bakgrunn og livsoppfatning, trur eg dette er ein situasjon som i beste fall er problematisk, og i verste fall direkte fårleg.
Eg trur difor ikkje det er særleg fruktbart å omtale det andre trur, som overtru.
