William Paden : Religious Worlds – The Comparative Study of Religion 

Denne boka var ei av pensumbøkene då eg for ein del år sidan tok eit halvt grunnfag i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen. Ho var den fyrste av pensumbøkene eg las, og det er denne boka eg hugsar mest av i ettertid.

Grunnen er innhaldet. Forfattaren, som er professor i religion ved universitetet i Vermont, gir ei god og lettfatteleg innføring i kva som kjenneteiknar religion som fenomen, og kva som skil det religiøse domenet frå andre delar av menneskelivet. Samstundes gjev han lesaren ei god innføring i kva dei ulike religionane faktisk har felles. Det syner seg å vere ikkje så reint lite.

Eit hovudmoment i boka er  at religionane ikkje vert sett opp mot kvarandre og samanlikna. Tanken til forfattaren har vore å gi lesaren nokre verktøy til å nærme seg tankesett i ulike religionar på ein mest mogleg fordomsfri måte.

Med sine knappe to hundre sider er ikkje boka spesielt omfangsrik. Språkleg sett er ho heller ikkje så veldig utfordrande. Ho er skriven i eit lettfatteleg engelsk. Det er altså ikkje ei bok som vil kreve mykje av lesaren. Men ho vil gi mangfaldig att.

Boka er gitt ut på Beacon Press – du kjem til heimesida deira ved å peike og klikke her. Du kjem direkte til omtalen av boka ved å peike og klikke her. Boka kan kjøpast direkte frå forlaget, eller til dømes via Amazon.com.

Biletet over er eit nærbilete av ein buddhafigur, og er teke av Charles Rondaeu.

Ei «geografibok» om den religiøse verda