Dette er to omtalar i eitt : ein omtale av to CD-ar, og ein omtale av ei bok.

Omslag på CD-ane.
Omslag på CD-ane.

Natalie Merchant er ein amerikansk songar og låtskrivar med lang fartstid bak seg. Ho er kjend som vokalisten i gruppa 10000 Maniacs, og ho er også ein veletablert soloartist.

I 2010 kom ho med albumet «Leave Your Sleep» på plateselskapet Nonesuch. Dette er ei samling barnerim av ulike forfattarar frå 1800- og 1900-talet, tonesett av Natalie Merchant sjølv. Det er lagt ned eit imponerande arbeid med dette albumet. Kvar song er arrangert i ein stil som passar særskilt godt til innhaldet i teksten, og det er nytta musikarar med spesiell kompetanse til stilen i det einskilde arrangementet. Til saman har prosjektet involvert fleire titals musikarar, og dei er alle plukka frå øvste hylle. Det høyrest !

Albumet består av to CD-ar, med til saman 26 songar. Dei er samla i eit smakfullt omslag som også inneheld ei bok med ein presentasjon av tekstane i albumet, og av forfattarane bak desse. Heile albumet er ei vakker oppleving, både musikalsk og visuelt.

I tillegg har den amerikanske biletkunstnaren Barbara McClintock illustrert 19 av songane, og desse illustrasjonane er samla i ei eiga bok saman med tekstane, og ein CD som inneheld desse 19 songane.

Og då kjem spørsmålet : Kva skal ein velge – boka eller albumet med dei 26 songane ? Valet er ikkje enkelt. Boka er vakker, og illustrasjonane toler å verte sett meir enn ein gong. CD-ane har sju songar som boka manglar. To av desse er etter mi meining kan hende dei to vakraste songane på heile albumet.

For eigen del løyste eg floka ved å kjøpe begge. Eg angrar ikkje !

På heimesida si har Natalie Merchant lagt ut mykje informasjon om albumet. Peik og klikk her, og nyt !

 

 

Natalie Merchant : Leave Your Sleep