Dei fleste kjenner Allan Edwall som pappaen til Emil i Lønneberget. Men han var mykje anna også.

150721_Allan_EdwallMellom anna var han ein meir enn habil songar, og ein del av songane han framførte var han sjølv opphavsmannen til.

For nokre år sidan kjøpte eg CD-en «Den lilla bäcken – Allans bästa». Det er ein CD som eg tek fram med jamne mellomrom og spelar med stor glede.

Her finn ein 20 av Allan Edwall sine eigne viser. Han skreiv både tekst og melodi til dei.

Musikalsk sett er melodiane kan hende ikkje så originale. Dei lenar seg tungt på svensk folkeleg songtradisjon. Men det er ikkje det verste ein kan lene seg på, og melodiane er lette å like.

Tekstane er meir interessante, synest eg. Dei famnar vidt, frå vemodige livshistorier via skarpe observasjonar av det forgjengelege livet til viktige tankar om miljøproblematikk. Og måten Allan Edwall framfører dei på, kunne knapt vore gjort betre. Eit lite døme på dette kan ein høyre her :

Allan Edwall : «Den lilla bäcken – Allans bästa»