Einkvan burde nominere Jordi Savall til Nobels fredspris.

Jordi Savall er ein spansk dirigent, viola da gamba-spelar og musikkvitskapsmann som i rundt 40 år har arbeidd med å gjere tidlegmusikk – spesielt frå den iberiske halvøya, men etter kvart også i andre delar av Europa, Amerika og Austen – kjend for det store publikum.

Fyrste gongen eg høyrde han, var på to LP-ar med jødisk (sefardisk ) musikk frå Spania. Det var i 1977. Seinare har eg høyrt på mykje anna, i ulike stilartar og med mange ulike musikarar. Men vakker og interessant har musikken han framfører alltid vore.

Det har alltid vore ein raud tråd i kvar einskild av produksjonane til Jordi Savall. CD-ane som vert nemnde her, dannar ikkje noko unntak. I seg dannar dei ein heilskap. Samstundes kan dei stå som gode representantar for den musikalske og kulturelle linja Jordi Savall har fylgd gjennom heile sin lange kunstnarkarriere. Dei raude trådane i kvar einskild produksjon er delar av ein større samanheng.

Mare_Nostrrum«Mare Nostrum» – Vårt Hav – var romarane sitt namn på Middelhavet. Og musikken på desse to CD-ane har sitt opphav i land og folk frå austre delen av Middelhavet. Det gjeld også ein stor del av musikarane som er med på produksjonen. Grunnstammen i ensemblet er rett nok Hesperion XXI, som er Jordi Savall sitt eige tidligmusikkensemble. Musikarane her er frå Spania, Italia og England – og kanskje nokre nasjonalitetar til, det er eg ikkje sikker på. Men dei vert komplettert av musikarar frå Armenia, Tyrkia, Bulgaria, Israel, Hellas, Marokko og Palestina. Desse spelar på tradisjonsinstrument frå sine respektive land.

Musikken dei spelar, kjem frå dei same landa. Vakker og variert musikk er det, og han vert framført med stor kjærleik og respekt. Dette er kulturell utveksling på sitt beste, ei påminning om kva vi kan oppnå når vi let ulikskapar berike oss og ikkje skilje oss.

Jau, dette er eit kulturarbeid ein fredspris verdig.

Nedunder er ei lenkje til ein konsert med Jordi Savall ( lengst til venstre og med raudt skjerf ) og mange av musikarane han hadde med seg i dette prosjektet, der mykje av musikken frå CD-ane vert framført. Vonar dette gjev meirsmak!

Jordi Savall : Mare Nostrum