Om å ta vare på det vakre
Mormor var bydame, oppvaksen i Bergen. Ho traff morfar då ho var på ferie på ei av øyane i nærleiken av der morfar vaks opp. Så vart det dei to, og mormor flytta inn i huset der oldefar og oldemor budde.
Eg ser for meg mormor ved vaskebaljene i kjellaren der, ein gong på 1920- eller 1930-talet. Shoddyhaugen er sikkert i nærleiken av vaskekjellaren – eg kan ikkje sjå for meg at shoddyfiller som vart sendt av garde frå dette huset, ikkje var blitt vaska før dei vart sende.
![Detalj av mønsteret, om lag slik mormor teikna det av.](http://garmann.info/wp-content/uploads/2015/01/Mønsterskisse-300x300.jpg)
Så får mormor auge på trøyefilla. Ho ser kan hende plagget med litt andre auge enn dei som hadde sett det i ei årrekkje, og som ei dame som er dyktig med handarbeide, forstår ho kva kvalitetar dette plagget har hatt.
Ho tek det med seg opp i stova si, får tak i rutepapir og set seg til å teikne av mønsteret med ein gråblyant. Ho teiknar berre godt og vel ein mønsterrapport, men den er til gjengjeld ganske stor. Så ber ho plagget ned att i kjellaren, og sidan fer det på si siste reis saman med dei andre fillene.
Men teikninga ligg att, i ei skuff i ein kommode i stova til mormor og morfar. Og når dei flyttar inn i sitt eige hus mange år seinare, er teikninga med i flyttelasset.
<< Forrige side : Frå stas til shoddy | Neste side : Tråden vert teken opp att >> |