Ny teknologi gjer at måten musikk vert distribuert på, er i endring.

 Den tid er forlengst over at det fantest mange plateforretningar med stort utval av all slags musikk. Ein kan finne ein og annan nisjebutikk i dei større byane, kan hende, men jamnt over er utvalet magert.

Eg skal ikkje klage, og slett ikkje kritisere, for eg har i ein viss mon bidrege til denne utviklinga sjølv. Dei ti siste åra har eg handla meir og meir på internett, og på den måten gitt plateforretningane færre og færre grunnar til å halde fram.

Samstundes må eg vedgå at eg personleg ikkje har tapt stort på det. Forretningane eg handlar med no, kan skilte med eit langt større utval enn eg nokon sinne kunne finne i butikkane eg var innom tidlegare. Utvalet er enormt, prisane er konkurransedyktige så lenge ein held seg under den magiske grensa for toll- og momsfri import, og pakkene får eg som regel levert i postkassa. Enkelt og greitt.

Eg nyttar som regel ein av to forretningar :

Kjøper eg klassisk musikk, vert CD-ane ofte handla hos Presto Classical – (prestoclassical.co.uk).

Er det musikk av andre sjangrar eg er på jakt etter, havnar eg ikkje sjeldan hos Amazon, anten den engelske eller den amerikanske avdelinga.

Det kan løne seg å kikke innom på heimesidene deira av og til – ikkje sjeldan har både Presto Classical og Amazon svært gode tilbod på CD-ar.

Det som eg kan hende saknar mest i høve dei gamle plateforretningane, er høvet til å høyre musikken før eit eventuelt kjøp. Men også her finnest det råd : streaming. Ei rimeleg streameteneste er eit fint høve til å gjere seg kjend med musikk ein er blitt nysgjerrig på. Sjølv nyttar eg Spotify. Ein fin detalj med den tenesta er at ho foreslår artistar på bakgrunn av musikk du har høyrd på tidlegare. Eg har oppdaga mykje spanande musikk på den måten, og noko av den musikken har eg omtala. Omtalane finn du ved å gå til denne sida.

Biletet oppe på sida er teke av Paul Hudson, England.

Kvar kjøper ein innspelt musikk i dag?