Eg har samla på musikkinnspelingar i over 40 år. Fyrst var det på LP-ar, seinare på CD. I nokre tilfelle på begge delar.

I dag er det mange som berre nyttar streaming. Platebunkane er forsvunne frå dei fleste heimar. Rekkjene med CD-ar er i ferd med å forsvinne, dei også. Men enno er det nokre av oss som synest det er kjekt å eige mediet musikken er på. Eg er ein av dei. Og det er til slike med same alderdommelege innstillinga eg skriv.

Felles for dei CD-ane eg skriv om, er at eg likar dei. Eg ser ikkje noko poeng i å bruke tida mi til å skrive om CD-ar eg ikkje likar. Eg ser heller ikkje noko poeng i å kaste bort folk si tid på lesing om CD-ar eg meiner dei ikkje treng bruke tid og pengar på. Så det at CD-ane er omtala her, er i seg sjølv eit teikn på at eg meiner dei held mål.

Ut over det kjem eg berre til å presentere CD-ane, og skrive litt om innhaldet på dei. Finn eg lenkjer til musikken t.d. på Youtube, legg eg gjerne ut ein peikar. Og skulle einkvan lure på kvar ein kan vende seg for å få kjøpt denne musikken, står det litt om det i artikkelen som det er peikar til her.

Nedunder er peikarar til  plateomtalane mine. Vonar du synest det er nyttig lesing.

Plateomslag.

Grechaninov : Passion Week

I den ortodokse kyrkja er påskeveka sentral. Og tradisjonane som knyter seg til denne høgtida får ekstra sterkt fokus i gudstenestene ...
Plateomslag_Schütz

Heinrich Schütz : The Complete Narrative Works

Denne samlinga på 4 CD-ar inneheld alle dei store vokalverka komponisten Heinrich Schütz (1585 - 1672) etterlet seg. Av desse ...

Frans Brüggen – ein trollmann på instrumentet sitt

Eg har i ein tidlegare artikkel framsnakka blokkfløyta som seriøst musikkinstrument. Ein av dei som fekk meg til å forstå ...

Musikk frå hjarte til hjarte

Høyrt om Gavin Bryars? Ikkje eg heller - før for nokre veker sidan ...

Allan Edwall : «Den lilla bäcken – Allans bästa»

Dei fleste kjenner Allan Edwall som pappaen til Emil i Lønneberget. Men han var mykje anna også ...

Viola d’amore – med kjærleik i kvart drag

Viola d'amore tyder "kjærleiksfiolin". Det er ikkje noko dårleg namn på dette instrumentet ...

Brecht/Weill: Tolvskillingsoperaen

Dette er musikk med eitt bein i mange leirar, i ei spanande innspeling ...

Sigrid Moldestad : Taus

Om kvinner i folkemusikken, ved ei av dei ...

Natalie Merchant : Leave Your Sleep

Dette er to omtalar i eitt : ein omtale av to CD-ar, og ein omtale av ei bok ...

J.S.Bach : Music for Lute-Harpsichord

Cembalomusikk slik ein sjeldan høyrer han spelt ...

Oddvar Torsheim : Nynorskens skog

Eit prakteksempel på himmelropande, kreativ galskap! ...

Grieg : Slåtter, Op.72

Edvard Grieg fann mykje inspirasjon i den norske folkemusikken, både songar og slåttar ...

Jordi Savall : Mare Nostrum

Einkvan burde nominere Jordi Savall til Nobels fredspris ...

Telemann : Orkestersuiter

Kommersielle komponistar kan også lage god musikk. Telemann er eit godt døme på det ...

Hans Krasa : Brundibar

Denne musikken er lite kjend. Det er synd, for han dokumenterer noko svært viktig ...