Sleirsfjellet opp 2015 gjekk av stabelen 30. mai. Det vart ei triveleg hending.

Eg er ingen konkurranseløpar, akkurat. Men takka vere ho eg er gift med, får eg stadig høve til å verte påminna om at det kan vere kjekt å røre på seg ute i det fri. Så då eg mingla med dei spreke i liene oppover mot toppen av Sleirsfjellet, var det i grunnen mest for å ha det kjekt, og for å gi eit ansikt til dei slappe og utrente.

Sidan eg ikkje sprang på tid, kunne eg nytte tida til andre gjeremål, som til dømes å ta bilete. Nokre av desse finn du i biletserien nedunder.

Sleirsfjellet opp 2015