Det er skrive mykje og mangfaldig om ordet kultur. Her skal det skrivast kort og enkelt.

Dei som ynskjer å finne noko meir omfattande dei kan lese om kultur, kan til dømes starte med denne artikkelen frå Store norske leksikon. For mitt føremål må det klare seg med noko litt enklare :

Ordet «kultur» kjem frå det latinske ordet «cultura» eller «colere», og kan omsetjast til «dyrke», «pleie» eller «bearbeide». Felles for desse tre norske orda er at dei tyder noko vi gjer for å påverke noko kring oss eller i oss. Ein generell definisjon på kultur vert for meg då slik :

Kultur er summen av det vi gjer for å påverke oss sjølve eller omgjevnadane våre når vi vil å oppnå ei endring til noko vi synest er betre. Innsatsen kan vere knytt til materielle ting i tilværet, som å dyrke jord, lage klede eller skaffe betre hus å bu i. Den kan også vere knytt til den meir åndelege delen av tilværet vårt, og handle om kunnskap, haldningar, vårt syn på livet og på vår eigen plass i det.

Kultur er ikkje noko som vi berre får. Det er noko vi må arbeide for, gjennom å tileigne oss kunnskap og haldningar, gjennom praktisk arbeid på ulike felt. Gjennom dette arbeidet får vi eit eigartilhøve til kulturen. Kulturen vert ein del av oss, og vi ein del av den. Kulturen vi identifiserer oss med, vert ein del av identiteten vår.

Dette fortel noko om kor viktig kultur er i liva våre. Det kan også forklåre kvifor eit angrep på kulturen vår ofte kan opplevast som eit angrep på oss sjølve.

Biletet over er eit utsnitt av ein akvarell av den amerikanske landskapsmålaren Winslow Homer. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.

 

Kultur – eit mangslunge omgrep