Det har vore veldig kjekt å arbeide med å lage denne kalenderen. Og eg har funne mykje spanande undervegs som eg ikkje har fått plass til.
24. desember – Jesus
Og engelen sa: «Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»
23. desember – Maria, himmeldronninga
Medan Josef må ha vore ein mann av jorda, fekk Maria mellom mykje anna tittelen «Regina coeli» – himmeldronninga.
22. desember – Den heilage Josef av jorda
Josef veit vi lite om. Han var tømmermann i Nasaret, han gifta seg med Maria, ei ung mor til eit barn som ikkje var hans. Han rømde utanlands med familien sin då situasjonen krov det, og vart med det ein
21. desember – Om øl og ein apostel
21. desember vart kalla Tomasmesse, men også Tomas brygger eller Tomas fulltønne. Eg har prøvd å finne ut samanhengen mellom apostelen og ølbrygginga.
20. desember – Det hev ei rose sprunge
Mykje kan seiast med få ord. Denne gamle julesongen er eit heilt teologisk foredrag, komprimert til tre små vers med ein vakker melodi til.
19. desember – Om englar og hyrdingar og ein amerikansk komponist og ein tysk-engelsk ein
Evangelisten Lukas fortel at dei fyrste som kom og såg det nyfødde Jesusbarnet, var nokre hyrdingar som var blitt varsla av «ein himmelsk hærskare».
18. desember – Vise menn frå Austerland
Ingen andre figurar i juleforteljinga er meir gåtefulle enn dei tre heilage kongane, eller dei tre vise menn. Kven, eller kva, var dei? Og kvar kom dei frå?
17. desember – Og okse der og asen stod
Eit nærmast fast inventar i ei kvar julekrubbe, er ein okse og eit esel. Ein finn dei også nemnt i julesongar. Men kva i alle dagar har dei der å gjere?
16. desember – Stallen, ein fantasi som handlar om nærleik
At Jesus vart fødd i ein stall, er ei «sanning» som har snike seg inn i mange juleforteljinger, ja, heilt inn i nokre av julesalmane våre. Men det er ikkje haldepunkt for at historia om stallen stemmer.