Det finnest to typar masfjordingar : Dei som er det av fødsel, og dei som er det av overtyding.
Sjølv tilhøyrer eg den siste kategorien. Eg har budd i Masfjorden sidan 1980. Det er meir enn halve livet mitt. Difor vågar eg å kalle meg masfjording.
Det er mange gode grunnar til at eg har trivest godt her. Mange kjekke folk, mellom anna. Det er kan hende viktigaste grunnen – eller kanskje heller eg skal seie dei viktigaste grunnane?
Men her er meir. Det er mykje vakker natur, og mykje spanande historie. Eg vonar at eg skal klare å formidle noko av dette her, i form av små tekstar og ein del fotografi.
Dei fyrste fotografia er alt lagt ut. Sjå menypunktet «Masfjordbilete» under «Masfjorden» i hovudmenyen oppe på sida. Etter kvart vil det fyllast på med meir.
Og no er også den fyrste artikkelen lagt ut. Sjå menypunktet «Masfjordartiklar» som ligg over «Masfjordbilete». Her kjem nok meir her også, smått om senn.