For litt sidan kom eg til å lese eit innlegg på Facebook, der vedkomande hadde eitt og anna å seie om eigen ordbruk i omtale av andre menneske. Innlegget slutta slik: «Eg kjemper for fridommen til å seia det eg vil, når det er aktuelt, og bruka dei ord som passar inn i samanhengen.» Eitt av orda vedkommande nemner som eit døme på kva som «passar inn i samanhengen», er ordet «neger». «Brukar einkvan ordet «neger» i dag, ramlar livet bokstavleg talt saman for dei som høyrer på.», vart det hevda.
Ein litt morosam påstand om folk som er litt sjølvkritiske med omsyn til språkbruk, er denne, som også kom i dette innlegget: «Situasjonen er den at det veloppdragne godtfolk er hundre prosent lydige mot den nye standarden. For det meste. Lydighet kan vera eit problem når den bidreg til å gjera oss til offer for lettbeinte ideologiar.» Smak litt på den…
Slik eg ser det, er det ingen grunn til å frykte konsekvensane av at folk har litt ekstra merksemd på eigen ordbruk. Det handlar om å syne kvarandre respekt, og det kan neppe kallast ein menneskerett å bruke ord som vert oppfatta som nedsetjande, berre fordi ein har brukt dei i alle år tidlegare. For språket endrar seg kontinuerleg, både i form og omgrepsinnhald.
Lat meg ta eit døme: I min barndom og ungdom ville ein gjerne omtala ein person med permanent plass i rullestol, som at vedkomande var «invalid». Ordet «invalid» tyder «kraftlaus». At eit tilvære som lenka til ein rullestol krev krefter på ulike nivå og i ulike samanhengar, var i denne samanhengen irrelevant.
Men ordet «invalid» vart etter kvart erstatta av ordet «funksjonhemma», som i det minste var litt meir presist i den forstand at det sa noko om at vedkomande ikkje hadde dei same fysiske føresetnadane som dei fleste andre, til dømes til å gå utan hjelpemiddel.
Likevel var dette ein ordbruk som kunne verke definerande på heile personen. Difor vart det etter kvart meir og meir vanleg å bruke omgrepet «ha ei funksjonshemming». Etter mitt syn er dette ein god og presis måte å omtale ein person med funksjonshemmingar. Det fortel noko om hva eit menneske har, ikkje kva mennesket er.
Eg synest det må vere eit mål å tilstrebe presis ordbruk når ein omtalar andre menneske, og målet er ikkje uoppnåeleg. Eg har til gode å finne ei negativt lada skildring av ein person, som det ikkje er råd å finne presise og verdinøytrale alternativ til. Dermed kan kampen «for fridommen til å seia det eg vil, når det er aktuelt, og bruka dei ord som passar inn i samanhengen», like gjerne vere eit uttrykk for språkleg fattigdom, eller i det minste ein form for språkleg giddaløyse.
Eg skriv «kan», av di det finnest i alle fall tre alternative forklåringar på at folk som ein i utgangspunktet skulle tru visste betre, insisterer på å omtale medmenneske på ein måte som dei sannsynlegvis sjølv veit vert oppfatta som nedverdigande og krenkande:
Den eine er at dei overser at i all mellommenneskeleg kommunikasjon finnest to partar: den som sender ut ein bodskap, og den som tek bodskapen imot. For å illustrere dette, vil eg innom to kjende omgrep i pedagogikken: undervisning og læring.
Undervisning er det læraren bedriv, som eit resultat av prosessar som har gått føre seg i læraren sitt hovud. Læring er det som ( får ein håpe ) skjer inne i eleven sitt hovud, som ein respons på undervisninga vedkomande er blitt eksponert for.
Ikkje sjeldan opplever ein at bodskapen eleven mottek, opplevest annleis enn det læraren tenkte å formidle. Og slik er det i mange samanhengar. Det einkvan seier, vert oppfatta på ein annan måte av den som høyrer det som vert sagt.
Spørsmålet vert då: Kven er det som skal definere kva som var bodskapen? Det som sende bodskapen, eller den som tok han imot?
Eit godt døme på denne problemstillinga, er bruken av orden «neger». Det er eit ord som eg sjølv har nytta mange gongar i løpet av åra, og eg har aldri tenkt at dette ordet skulle oppfattast som negativt lada, for eg har aldri knytt negative tankar til dette omgrepet.
Det var difor naudsynt for meg å finne ut kva som gjorde at dette ordet var blitt så negativt lada, og det brukte eg litt tid på. Kort oppsummert: ordet i seg sjølv er ikkje spesielt nedsetjande, men det er etter kvart blitt så mykje nytta i samanhengar der det vert brukt nedsetjande, at desse samanhengane i større og større grad er kleba til ordet. Dette er døme på ei språkutvikling, ikkje ulik dømet «invalid – ha ei funksjonshemming», men med motsett forteikn.
Dette veit folk. Men bryr alle seg om det? Svaret er eit nedslåande «nei». Det er dei som pukkar på å halde fram med å bruke nedsetjande ord, av di dei alltid har gjort det. Korleis andre måtte oppfatte av ordbruken, er dei likegyldige til. For det er deira definisjon av meiningsinnhaldet i ordet som tel. Ingen ting anna.
Det finnest også dei som utmerka godt veit at ordbruken deira opplevast som krenkande, men som rett og slett ikkje bryr seg. Med andre ord, at ukritisk ordbruk bunnar i ein form for manglande empati.
Dessverre kan det sjå ut som at vi menneske er noko avgrensa med omsyn til kven vi bryr oss om og er villige til å ta omsyn til. Då kan ein viss evne til å leve seg inn i korleis andre kan oppleve ein situasjon, vere til ei viss hjelp. Men tilliks med andre evner, ser det ut til at også denne er til dels svært ulikt fordelt mellom folk. Og resultatet ser vi.
Endeleg er det vel nokre som nyttar dei nedsetjande omgrepa av di dei står inne for innhaldet i dei. Det kan sjå ut som om desse opplever betre tider no enn dei har gjort på ganske lenge.
Personleg opplever eg dette som ei bekymringsfull utvikling, for eg trur at det siste vi treng no, er ei utvikling der det å omtale andre grupper i samfunnet på ein negativ måte, vert meir og meir akseptert. Historia har mykje å fortelje oss om kva den slags praksis kan ende opp i. Eg er freista til å sitere visa til salig Otto Nilsen: «He’s dead, but ho won’t lie down». Det var Hitler og sympatisørane hans denne visa handla om, men tematikken er syrgjeleg dagsaktuell.
Dessverre.
Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit måleri av den austerrikske målaren Egon Scheele.