I ei ytring på nrk.no frå 14. februar 2020, under overskrifta «Klimahysteriet», besværer gruppeleiar i Sandefjord FrP, Cathrine Andersen, seg over bruken av omgrepet «ekstremvær», som ho tilsynelatande opplever som ei modernisering av omgrepet «storm på Vestlandet».
Men når omgrepet vert nytta av Meteorologisk institutt og i media, så er det med eitt føremål, og i tråd med gitte føresetnader – jfr. artikkel i Store norske leksikon : https://snl.no/ekstremvær
Og berre for å synleggjere for Cathrine Andersen at ekstremvær er noko meir enn «storm på Vestlandet» kan eg opplyse om at det i perioden 1995 og fram til i dag er gitt ti ekstremvarsel som omfattar den delen av landet der heimsyaden hennar, Sandefjord ligg. Kjelde: https://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_ekstremvær_i_Norge#Etter_fylke
Cathrine Andersen gjer rett i å ere kritisk til klimapolitiske tiltak, som litt for ofte kan bere preg av symbolpolitikk, og som etter mi vurdering ikkje alltid tek omsyn til dei negative konsekvensane tiltaka har for folk, og prøver å kompensere for dei.
Cathrine Andersen skriv at «Norge sett med verdens øyne er et ganske lite land med litt over fem millioner mennesker. Det kan virke som om vi skal redde hele verden, mens vi står for omtrent én promille av de samlede globale klimagassutslippene på verdensbasis.» I avsnittet etter skriv no: «Jeg er opptatt av miljø og klima, jeg er opptatt av tiltak som bearbeidet og faktisk har en effekt, basert på forskning og fakta.» Det siste utsagnet er positivt, for det gir håp om at hun kanskje vil revidere det første utsagnet etter å ha lest denne artikkelen fra Morgenbladet 16. juli 2019 : «Vårt sanne klimaavtrykk» https://morgenbladet.no/ideer/2019/07/vart-sanne-klimaavtrykk
Artikkelen, som er skriven av eit anerkjent, kompetent kollegium, etterlyser ein ny politisk praksis som basis for naudsynte endringar i klimapolitikken. Dette kan vise seg vanskelig å få til:
En del naudsynte tiltak vil være upopulære, av di dei legg sterke føringer på korleis vi innrettar liva våre. Då kan ein velge å halde fast ved gjennomføringa av tiltak som ein meiner er naudsynte, sjølv om dei er upopulære – eller gjere som en politikar Cathrine Andersen burde kjenne godt til, som i løpet av få månadar ga uttrykk for diametralt motsette syn på ein aktuell klimapolitisk sak: vindkraft.
Politikarar som viser vilje til styring, må også vise mot til styring ved å stå støtt i dei store politiske spørsmåla, også når tiltaka dei vil gjennomføre møter lita forståing hos die store velgermassane. Gjer dei ikke det, blir det vanskeleg – for ikkje å seie umogleg – å få gjennomført upopulære, men naudsynte tiltak. Ein slik situasjon vil i verste fall kunne bli ei stor utfordring for demokratiet som styresett.
Det er tilliks med fylgjene av ei global temperaturstigning, ein situasjon som de færraste ynskjer seg, men som kan skje som ein konsekvens av manglande politisk handlekraft.
Biletet over syner resultatet av ekstremværet «Dagmar» sine herjingar. Namnet på båten har ei særskilt tyding som passar bra i denne samanhengen. Meir informasjon om biletet finn du her.