Kjære alle saman !
Aller fyrst vil eg få lov til å gratulere oss med dagen. Ja, eg seier «oss», av di vi alle – meg sjølv inkludert – er delar av den store fellesskapen som vi feirar på denne dagen. Eg synest han sa det så godt, ein radiokosør som eg høyrde for mange år sidan:
«Jula er tida der vi reiser heim og høgtidar den vesle fellesskapen – familien vår og røtene våre.
17. mai er dagen der vi går ut og feirar den store fellesskapen, landet vårt og menneska som bur der.»
Då eg vart invitert til å halde tale her i dag og begynte å tenkje på kva eg skulle dele med dykk, kom eg til å tenkje på ei historie som stod i ei lærebok i engelsk eg hadde då eg gjekk på vidaregåande, eller gymnaset, som det heitte i mi tid. Kven som har skrive historia, har eg gløymt. Men eg hugsar henne godt nok til at eg kan attgi henne sånn nokonlunde:
Historia handla om eit skip som nyss var sjøsett frå eit verft i England, og som skulle krysse Atlanterhavet for fyrste gong. Stolt la skipet ut frå havna. Flagga vaia i vinden. Skroget syntest det var kjekt å sjå alle dei som stod på land og beundra dei flotte linjene det hadde. Under dekk brumma den nye og moderne maskina nøgd. Alt var berre glede.
Så kom skipet ut på ope hav, og møtte storm og sjø. Grov sjø. Eit stormfullt Atlanterhav er ikkje noko å spøke med. Skipet stanga mot store bylgjer, og det knaka i spant, i platene i skroget, og i naglane som heldt alt saman. Maskina fekk røyne seg – ho måtte gi alt for at båten skulle ha tilstrekkeleg styrefart. Alle delane av skipet vart pressa til sitt ytterste.
Dette var noko heilt anna enn forventa, og alle syntest at dei fekk meir enn sin del av påkjenningane. Kvar del av skipet syntest at dei andre skulle gjort meir: Maskina meinte at skroget burde meistre den grove sjøen betre, skroget meinte at maskina rysta så aldeles for mykje. Spanta meinte at platene i skroget burde halde betre stand mot bylgjene, og skrogplatene meinte at dei fekk altfor lite støtte av spanta. Og naglane, stakkar, som skulle halde platene på plass på spanta, fekk kjeft frå alle kantar fordi dei nesten ikkje klarte å halde skroget saman.
Dagane gjekk, og omsider stilna stormen. Skipet nærma seg land. Bylgjene la seg, og skipet kunne sigle inn til hamna, heilt og fint og utan skader. Stolt var det også. «Vi klarte det!», tenkte skroget og alle delane av det. «Vi klarte det!», tenkte maskina og alle delane i den. «Vi klarte det!» Alle dei ulike delane av skipet, frå den største delen til den minste, tenkte det same. «Vi klarte det. Vi klarte det saman.»
Moralen i historia er nok klår for dei fleste: Vi står sterkare saman. Og det er grunn til å tru at vi er i ferd med å kome inn i ei tid der det er om å gjere å vere sterke saman. For sjølv om vi nok ein gong kan sitje her og nyte gode tider i godt lag, så veit vi at ikkje alt rundt oss ser like lyst ut. Og vi veit at vi ikkje kan late som om dette ikkje er verkeleg.
Vi er etter kvart blitt vande med tanken om at vi bør førebu oss på at situasjonen for oss etter kvart kan verte utfordrande på mange måtar. Ordet «beredskap» er hyppigare brukt no enn på lenge. Vi vert alle bedne om å ha eit beredskapslager for å kunne stå i utfordrande situasjonar.
Eg vil også nytte dette høvet til å snakke litt om beredskap. Men eg vil ikkje snakke om å ha ei viss mengd med vatn på lur, eller havregryn, eller batteri, eit visst lager av naudsynte medisinar eller andre ting vi kan få bruk for og vere avhengige av å ha på lager når problema tårnar seg opp.
Eg vil snakke om den beredskapen som består i å bidra til at kvar og ein av oss kjenner seg som ein velkomen, viktig og verdsett del av den same store fellesskapen. Eg vil snakke om beredskap gjennom byggjing av fellesskap. For saman er vi sterke, som sagt. Og ved å gjere kvarandre sterke, gjer vi oss sjølve sterke.
Beredskap gjennom å utvikle fellesskap er viktig, men også vanskeleg, for det er dessverre ikkje til å stikke under stol at vi lever i eit samfunn som er prega av polarisering, av ei «dei-og-vi»-tenking som skapar avstand mellom menneske og grupper av menneske i samfunnet vårt.
Ytringar på sosiale media er ein viktig faktor her. Det kan til tider sjå ut til at folk legg frå seg folkeskikken når dei sit framfor ein dataskjerm og skriv på sosiale medier. Ikkje sjeldan kan ein lese til dels sterkt nedsetjande utsegner om menneske eller grupper av menneske. Gir ein uttrykk for ei bestemt meining om ei sak, er det ikkje sjeldan at ein i staden for saklege motargument vert møtt med temmeleg respektlause skildringar av kor dårleg ein person ein er.
Kan hende ein og annan burde gå litt i seg sjølv, og reflektere over korleis den eller dei som er utsett for slike utsegner kan oppleve det, og kva vedkomande måtte tenkje og føle om avsendaren eller avsendarane. Slikt skapar avstand, ikkje fellesskap. Samstundes kan det vere ei foklåring, om ikkje ei unnskyldning, at den slags gjerne dukkar opp i samband med hendingar eller tendensar i tida som ein gjerne har eit litt kjenslaledd tilhøve til sjølv. Lat meg illustrere dette med to eksempel:
Det eine eksampelet handlar om ei rørsle som det er mykje snakk om for tida, og symbolet denne rørsla nyttar for å verte synleggjort i samfunnet. Eg snakkar om Pride-rørsla og regnbogeflagget.
Priderørsla er tufta på eit ynskje om at folk med ein annan seksuell legning og eit anna forhold til eigen kjønnsidentitet skal kunne leve som likeverdige medlemer av samfunnet vårt. Tanken er at dei skal ha høve til å vere like synlege i det offentlege rommet som alle andre, og dei skal ha same høvet som alle andre til å innrette privatlivet sitt slik dei sjølve opplever er best for dei. Med andre ord – dei skal ha den same fridomen til å innrette sine liv som vi andre alltid har nytt godt av.
Eit urimeleg ynskje? Etter mi meining er det ikkje det. Og vi som kan unne oss den luksusen å leve slik vi vil, av di vi for det meste vil leva liva våre om lag på same måten som dei fleste andre – kva rett har vi til å nekte dei det? Slik eg ser det, har vi inga slik rett.
Likevel har folk måtta kjempe for å få lov til å leve i samsvar med det som er naturleg for dei. Og det er ein kamp som slett ikkje er over. Den dag i dag opplever skeive å vere mål for hatefulle ytringar, å verte mobba, å vere utsett for vald.
For meg kan det sjå ut som at ein viktig årsak er at personane pride-rørsla ynskjer å støtte, ikkje heilt passar inn i same mønsteret majoriteten av oss har med omsyn til kjønnsuttrykk og levemåte. Men at nokon har ei anna legning eller eit anna kjønnsuttrykk, kven er det eigentleg eit problem for? Og kva består problemet i?
Det er mi meining at så lenge situasjonen for dei skeive ikkje har endra seg til det betre meir enn han til no har gjort, er prideflagget ei nyttig og viktig påminning om at vi alle har eit stykke arbeid å gjere. Kvar og ein av oss må gjere vårt for at også dei skeive skal oppleve seg sjølv, og opplevast av alle andre, som ein verdfull og verdsett del av den store fellesskapen. Dette vil vere til det beste for dei. Dette vil vere til det beste for oss alle.
Det andre aksempelet handlar om ein religion og tilhengarane av denne. Eg snakkar om islam og muslimar. I fylgje Statistisk sentralbyrå var det ved utgangen av 2024 registrert 190.452 muslimar i Noreg. Det utgjer om lag 3,4% av den totale folkesetnaden i Noreg.
Til samanlikning hadde Den norske kyrkja 3.476.211 medlemer, noko som utgjer 62,14% av den totale folkesetnaden. Andre kyrkjesamfunn hadde 381.059 medlemer, ein prosentsats på 6,81%. Altså nokså nøyaktig dobbelt så mange som antal registrerte muslimar.
Likevel ser vi at muslimar av mange vert framstilt som ein fare for det moderne norske demokratiet. Grunnen til slike påstandar er som regel at mange av dei haldningane, meiningane og synspunkta som ein del muslimar står for, til dei grader kolliderer med verdiane vi i vårt moderne norske demokrati held fram som våre. Vi har også vore vitne til at ein del personar har slutta seg til svært ytterleggåande grupperingar innan det muslimske miljøet.
Eg skal ikkje bruke mykje tid på å gå detaljert inn i dette. Men eg vil reise to spørsmål:
- For det fyrste: er desse meiningane og synspunkta vi tek så avstand frå, representative for alle muslimar?
Eg meiner det er feil å skjere alle muslimar over ein kam. Som individ i ei gruppe er dei like forskjellige innbyrdes som til dømes medlemene i Den norske kyrkja. Det vert feil å la alle stå til rette for synspunkt dei ikkje har. I tillegg er det uklokt. For det bidreg til ei polarisering mellom grupper som burde kunne finne saman. Det bidreg soleis til ei svekking av beredskapen blant oss som bur i dette landet. - For det andre: korleis skal vi stille oss til dei som faktisk målber desse meiningane og synspunkta, som vi ikkje deler, og som vi slett ikkje skal stille oss likegyldige til?
Eg trur svaret er både konkret og enkelt – om enn ikkje alltid like lett å etterleve. Det er at vi på kvart vårt vis snakkar fram dei verdiane vi vil at samfunnet vårt skal vere tufta på, og på kvart vårt vis prøver å leve etter desse verdiane. Men kva verdiar er det så snakk om?
Kan hende det er på tide å lyfte fram nokre av dei verdiane som ein gjerne finn i talar som denne. Lat meg seie litt om desse fem honnørorda: fridom, likeverd, toleranse, mot og fellesskap.
Og lat meg begynne med honnørordet fridom: I dag er det nøyaktig åtti år og ni dagar sidan Noreg vart fritt etter fem års okkupasjon. Det er ikkje mange att som hugsar så mykje av dette, men hadde eg kunne spurt einkvan av dei som opplevde frigjeringa og hugsar attende, kva det hadde å seie for akkurat dei at Noreg igjen var fritt, så trur eg at eg veit litt om kva svar eg kunne ha fått.
Eg trur dei ville fortalt om den gode kjensla av å kunne bevege seg fritt i landet, om høvet til å seie kva ein meinte utan tanke på represaliar, om å høyre og lese usensurerte nyhende, om å kunne heise flagget, om å kunne kle seg i dei kleda ein ynskte, om å ikkje vere redd for at einkvan skulle kome og slå ned på folk for oppførsel som etter vedkomande si meining avveik frå det som var tillate.
Spørsmålet er om vi med handa på hjartet kan seie at alle i Noreg i dag nyt godt av alt dette. Ein kan til dømes spyrje om alle dei som gjerne vert omtala som skeive, nyt godt av fridomen til å kle seg som dei sjølve ynskjer. Ein kan spyrje om dei som ynskjer å gå med hijab, kippa eller kross kan gjere det slik dei sjølve ynskjer. Svaret veit vi alle.
Og det fører meg over på det neste honnørordet, nemleg ordet «likeverd». I min barndom høyrde vi av og til ein song med dette omkvedet : «Meget er forskjellig, men det er utenpå.» Underforstått: Vi kan vere ulike på utsida, men på innsida er vi alle like gode.
Det er tankegods dei fleste av oss kan slutte seg til – i teorien, i det minste. I praksis, derimot, er det ikkje sjeldan at vi støter på andre tankar. I innvandringsspørsmål, til dømes. «Viss dei vil vere her hos oss, må dei vere som oss.», er eit mantra eg har lese og høyrt i mange ulike samanhengar i løpet av åra.
Ja, må alle vere som oss for å kunne vere hos oss? Kva rett har vi til å krevje av folk at dei skal leggje frå seg sine verdiar, sine tradisjonar, sitt kulturelle og religiøse tankegods for å få lov til å leve saman med oss? Det er ein ikkje uvesntleg skilnad på å vere usamd med ein meiningsmotstandar, og på å krevje at den ein er usamd med, skal gi slepp på eigne tankar og verdiar for å få lov til å bu i same land som eg sjølv.
Mange er uroa for tendensen til at ulike grupper vel å vende storsamfunnet ryggen, og heller leve i eigne, lukka miljø. Og det er all grunn til å vere uroa dor dette. Vi veit at det finnest lukka miljø som kan utgjere ein fåre for stabiliteten i samfunnet vårt, og vi veit at desse miljøa vert oppsøkte av ungdom som gjerne har følt seg avvist av andre. Det bør vere eit tankekors for alle at dei som er mest kritiske til folk med andre verdiar, haldningar og meiningar enn våre eigne, i praksis arbeider på lag med dei som ynskjer å skape og halde ved like slike parallelsamfunn.
Dette betyr vi må kunne finne oss i at andre har verdiar og tradisjonar som vi ikkje deler, og som vi kan hende er usamde i. Det er dette som ligg i det tredje honnørordet eg nemnde tidlegare, nemleg «toleranse».
Det er nok mange som tenkjer at toleranse er det same som å seie at alt er like bra. Sjølv tenkjer eg litt annleis. Eg tenkjer at toleranse er vilje til å stå i ubehaget med å vere usamd. For det kan vere ganske utfordrande, ja tidvis ubehageleg, å verte konfrontert med tankegods som er heilt avvikande frå det ein sjølv meiner er rett. Og det kan vere utfordrande å skulle stå opp for eigne meiningar og haldningar andsynes andre. Utfordrande, men til tider heilt naudsynt. For det å stå opp for og å forsvare dei verdiane ein meiner er dei rette, er å bidra til å gjere fellesskapet vårt betre.
Men dette er slett ikkje alltid like enkelt. Det er her det fjerde honnørordet eg vil dra fram, nemleg «mot», kjem inn.
Mot er å vere medviten om at ein er redd for noko, og likevel velje å stå i ubehaget med å vere redd. I denne samanhengen kan motet bestå i vilje til å møte menneske som ein ikkje heilt veit kvar ein har, å ta sjansen på å møte dei ansikt til ansikt i staden for å vende dei ryggen. Nytt tankegods er dette ikkje. Eg er freista til å sitere innleiinga på femte verset i nasjonalsongen vår:
Fienden sitt våpen kastet
Opp visiret for
Vi med undren mot ham hastet
Ti han var vår bror
Eg er kjend med at Bjørnstjerne Bjørnson hadde ei konkret historisk hending i tankane då han skreiv dette verset inn i nasjonalsongen vår. Men eg trur han peikte på noko generelt som vi den dag i dag kan hauste lærdom av, og som er fint formulert i det siste honnørordet eg vil ta fram nemleg «fellesskap».
For det er fellesskapet vi har som folk, som gjer oss i stand til å stå i situasjonar som er vanskelege, endåtil truande for vår eksistens. Den nederlandske historikaren Rutger Bregmann skildrar i boka si «Humankind» ( på norsk : «Folk flest er gode» ) korleis folk i London under dei tyske bombeåtaka ved starten av andre verdskrigen hjalp andre, totalt ukjende menneske dei møtte i tilfluktsromma, korleis dei trøysta kvarandre og sette mot i kvarandre, delte mat, drikke og ullteppe, og korleis Hitler sine planar om å demoralisere folk i England ved systematisk bombing av hovudstaden, synte seg å gi ein helt motsett effekt. Folket i England framstod som meir samla, og ikkje, slik Hitler hadde sett det føre seg, som eit splitta og demoralisert folk.
Og det er dyrkinga av dette store fellesskapet som etter mi meining er det viktigaste med heile feiringa av nasjonaldagen. Vi kan leggje til sides ting som skil oss, og konsentrere oss om det som samlar oss.
Syttandemaitoga er eit vakkert bilete på akkurat dette: Vi fylkar oss bak det norske flagget, og vi framstår som ei samla gruppe. Men ser ein nærare etter, er det lett å få auge på mange ulikskapar, til dømes i klesdrakt. Dette er dagen då vi tek fram bunadane våre, som meir enn noko anna fortel kva stad vi kjem frå, eller kjenner tilknytning til. Og det er ingen som seier at vi ikkje kan gå i toget fordi vi har ein bunad som er tilknytt ein annan landsdel enn den vi oppheld oss i. Alle forstår at vi vil vere ein del av fellesskapet her, sjølv om vi kjem andre stader ifrå. Og det vert sett pris på.
Det same gjeld nok for drakter med heilt andre opphav enn våre heimlege. Men dersom einkvan dristar seg til å kome med flagg som syner opphavslandet til vedkomande, har vi dessverre sett tilløp til protestar på det. Dette til tross for at desse flagga ikkje fortel anna enn det dei framande kledraktene gjer: at den som ber ei framand drakt eller eit framand flagg har eit anna opphav enn oss andre, men har eit ynskje om å ta del i fellesskapet. Vårt fellesskap.
På same vis har det vore med det før omtalte prideflagget. Slik eg ser det, fortel eit slikt flagg at den som ber det og dei som går bak det, kan hende har eit litt anna utgangspunkt enn dei fleste av oss, men like fullt eit stort ynskje om å tilhøyre fellesskapet vårt.
Vi må attende til skipet eg snakka om innleiingsvis. Då skipet hadde kome fram etter ei strabasiøs ferd over havet, var spanta framleis spant. Skrogplatene var framleis skrogplater. Naglane var framleis naglar, og maskina var framleis ei maskin. Men dei var noko meir: Dei var naudsynte delar av ein heilskap, og bidrog kvar på sitt vis til å selje skipet i stand til å tole nye påkjenningar. Og dei visste det!
Vi veit ingen ting om kva farvatn vi som folk og nasjon er på veg inn i. Men vi veit at vi ikkje kan forvente berre medvind og roleg sjø på ferda. Då er det kan hende ikkje så dumt å stelle seg slik at vi alle kjenner at vi får lov til å vere dei vi er, og samstundes får lov til å vere ein del av den store heilskapen. Det er til gagn for kvar einskild av oss. Det er til gagn for oss alle saman.
Takk for meg, og lukke til med den vidare feiringa!
Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit måleri som ein kan finne her, og er attgitt med løyve.