For litt sidan dukka denne teikninga opp på Facebooksida mi. Eg kan ikkje seie at eg synest ho var direkte imponerande reint teikneteknisk, men så var ikkje bodskapen ho målber, mykje å rope heim om , den heller. Sånn sett er det vel samsvar mellom form og innhald i teikninga, kan ein seie. Det er då alltids noko…

I kommentaren til biletet stod det mellom anna dette:
«Me har eit knippe saker som kan passa inn:
Menneskeskapt global oppvarming
Pandemi eller ikkje?
Synet på EU / EØS
Militær maktbruk.»

Teikninga syner den store flokken som fylgjer «historia» – i kommentaren utlagt som at «massive main stream media pøser på med sitt narrativ. Forteljing om den sanninga makta vil me skal høyra.» – og som går til angrep, både fysisk og verbalt, på dei få «rettenkjande», som gjennom å ha analysert fakta har funne vegen til ei sanning,  og vandrar mot eitt eller anna mål der framme.

Eg meiner det er fleire feil i «narrativet» som biletet prøvar å framstille. Skilta er feilplasserte, for det fyrste.  Dei burde ha bytta plass.

At folk har kome fram til at epidemiologane har sitt på det tørre når dei fortel at covid-19 har utløyst ein pandemi, kan nok skuldast ei forståing av at epidemioiogi er eit viktig og anerkjemt fagområde innan medisinen. Dei veit kva dei snakkar om.

At folk forstår at klimaet er i endring, og at dette til dels skuldast menneskeleg aktivitet er det gitt god greie for over lang tid. Folk har hatt tilgjenge til fakta, og dei har hatt lang tid til å analysere dei.

At det framleis finnest folk som ikkje har teke dette inn over seg, kan ein kanskje forklåre med at dei har vald å fylgje ei historie, oppbygd og halden ved like av folk som  av meg ukjende grunnar ser seg og si sak, kva enn den måtte vere, tent med å halde liv i historia. Det eg har registrert urovekkande ofte, er at vandrehistorier som dokumenterbart er falske, plutseleg dukkar opp att på sosiale media. Det er som om dei lever sitt eige liv der. Eg får ein assosiasjon til Otto Nilsen si vise «He’s dead, but he won’t lie down!»

Ut frå eiga erfaring kan eg forstå at folk som meiner noko anna enn fleirtalet, kan føle det ubehageleg å verte konfrontert med innhaldet i eigne meiningar. Og ingen skal måtte oppleve personangrep på grunn av meiningane sine. Men også dei som tilhøyrer fleirtalet må ha lov til uttrykkje det dei meiner, utan å verte angripne for det. 

Teikninga syner folk som kastar noko som kan sjå ut som stein. Etter mitt syn er det teiknaren som har kasta fyrste steinen. Det er ikkje bra. Heldigvis var han lite treffsikker.

Høyrest noko ille ut, så er det kan hende av di det er det