FN sin sjette klimarapport vart publisert 9. august 2021. Rapporten vakte stor merksemd i pressa, og ikkje lenge etter kunne ein lese ulike synspunkt om han i sosiale media. Nokre meinte at dette var eit viktig grunnlagsdokument for utmeisling av framtidig klimapolitikk. Andre meinte at dette var eit bestillingsverk, med ein dårleg skjult politisk agenda.

Personleg synest eg det er underleg kor raskt folk meinte seg å ha eit grunnlag for å uttale seg. Rapporten er på nesten 4000 sider, og etter det eg kan sjå, spekka med informasjon.

Men dei fyrste 40 sidene er eit samandrag for beslutningstakarar. Samandraget er ordna i fire hovudpunkt, med til saman fjorten underpunkt med kommentarar. Sidan dette er på engelsk, har eg prøvd å attgi desse punkta på norsk. Desse er å finne nedunder. Kommentarane er ikkje omsett, men oppe på sida finn ein ei lenkje til heile rapporten.

Eg vonar at omsetjinga mi gjev eit nokonlunde korrekt attgjeving av innhaldet i desse punkta, men tek fullt ansvar for eventuelle avvik mellom innhaldet i den originale teksten og det attgjevne innhaldet.

 

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av framsida på klimarapporten.

Om klimarapport nr.6 frå FN sitt klimapanel