Bestefar sit ved frukostbordet, saman med tre av barnebarna. Han tek seg ein slurk varm kaffi frå kruset,  ser på dei tre små hovuda, og tenkjer. Det er ikkje lenge sidan han såg på andre små hovud ved same bordet, foreldre til dei som sit der no. Tida går fort.

Ser vi framover, kan åra verke lange. Ser vi attende, var ikkje åra så lange likevel. Snart er barnebarna store. Kva framtid skal møte dei? Korleis kjem dei til å ha det, når dei er blitt så gamle som bestefar er no? Den tid kjem fortare enn ein trur. Det har bestefar erfart.

FN sitt klimapanel har i ein ny rapport sagt litt om rammetilhøva desse tre og alle andre born kan kome til å vekse opp under og leve i. Verda vert varmare, det veit vi. Kor mykje varmare, er det ingen som veit. Eit litt varmare klima vil vi menneske nok kunne klare å leve med. Vert det for varmt, kan konsekvensane verte katastrofale.

Enn så lenge kan menneska til ein viss grad påverke kor store klimaendringane vert. Enn så lenge, og til ein viss grad. Men dess lenger vi ventar med å foreta oss noko, dess mindre handlingsrom får vi.

Bestefar tek ein ny slurk kaffi. Han lurar på om dagens politikarar vil og kan aksle denne utfordringa. Det han veit, er at nokre har gått til val på at dei ikkje vil ta ei slik utfordring. Tut og kjør slik som før, aller helst med så billig drivstoff som råd, ser ut til å vere eitt mantra til denne fylkingen. Noreg fyrst og Noreg sist, resten gjev vi sytten i,  ser ut til å vere eit anna. Og folk bit på, kan det sjå ut som.

Bestefar lurar på om det er mangel på evne eller mangel på vilje til å lære som gjer at folk ikkje ser at måten vi ter oss på no, vil kunne få alvorlege fylgjer. Ikkje for oss eldre, kan hende, men for dei som kjem etter oss. Dess tre attmed bordet, til dømes, og alle jamnaldingane deira.

For det er dystre framtidsutsikter som vert skildra, med utfordringar vi kan hende ikkje vil vere i stand til å løyse på ein måte som gagnar alle. Og eitt er sikkert: ingen utfordringar vert løyste utan at det vert gjort ein innsats for å møte dei.

Men korleis møte dei? Einskilde møter dei ved å hevde høgrøysta at klimakrisa berre er eit påfunn, og at dei som snakkar om denne, har vikarierande motiv. Andre meiner at ting vil løyse seg av seg sjølv. Ingen har bruk for dommedagsprofetar, og ingen treng gjere noko som helst.

Nei, ingen har bruk for dommedagsprofetar. Men vi har bruk for dei som vil gjere noko. Vi har bruk for optimistane. Vi har bruk for dei som ser utfordringane og som leitar etter utvegar for å hanskast med dei,  i tru på at det er mogleg og i visse om at det er naudsynt.

Bestefar tek ein slurk kaffi til. Kaffien smakar bittert. Han tenkjer på at kan hende vil også nokre naudsynte tiltak smake bittert for folk som vert råka av dei. Då vert det viktig å sjå til at tiltaka rammar hardast for dei som kan tole det best.

Og han tenkjer på medisin. Den kan også smake bittert, men vere livsviktig å ta. Men før medisinen vert ordinert, må rett diagnose stillast. Diagnostisering er ein fagdisiplin, og dei som har kompetansen til slikt, har nokså eintydig stilt sin diagnose når det gjeld klimautviklinga på jorda: Menneskeleg aktivitet er ein viktig faktor når det gjeld oppvarminga av jorda, og den einaste faktoren vi til ein viss grad kan gjere noko med.

Og det vi kan starte med, er å samle oss om eit utgangspunkt: Vi må erkjenne at vi er i farleg landskap, og må kome oss vekk derfrå. Så må vi finne tiltak, og iverksetje dei. Kan hende vert det gjort feilvurderingar, og tiltaka kan ha uynskte effektar ein ikkje såg då ein iverksette dei. Men kan hende er det betre å begynne ein stad og prøve å få noko til enn å vente på at nokon skal kome opp med den perfekte prosessen. Bestefar minnest eit sitat frå ei bok han las: «Don’t analyze until you paralyze!»

Bestefar ser ned i kruset, som snart er tomt. Han tenkjer på kva barnebarna og deira jamnaldringar kan vente seg i krusa sine i tida som ligg framfor dei. Han vel å tru det beste, men innser at det er eit val som er svært avhengig av kva val andre også tek.

Kva val bør vi hjelpe kvarandre til å ta?

Tankar ved eit frukostbord