I går, 29. juli var det Olsok, eller Olavsvaka. Og på same vis som på Jonsok, eller Johannesvaka, var det gamal skikk å vake og tenne bål. Men med åra er tradisjonane kring Olsok tona ned. Siste olsokbålet eg såg, var det eg sjølv som samla brenne til og tende. Det er snart tretti år sidan.

Men framleis er det ein og annan som minnest at dette er ein gamal norsk høgttidsdag. Og i høve dagen la ein facebookven av meg ut nokre tankar. Han gjer ofte slikt, og eg brukar å lese det han skriv. Av og til er eg samd med tankane hans, av og til er eg det ikkje. Denne gongen stussa eg over fylgjande som stod å lese: «Olsok kunne vore dagen då me samlast om våre verdiar, vårt språk, vårt demokrati, nordmenn til å styra nordmenn, ikkje fjernstyre frå Brüssel og liknande. Me skal heller ikkje krypa for verdiar som kolliderer grovt med våre. Det skjer i aukande grad. Må ikkje trø våre «nye» landsmenn på tærne ved å insistera på våre eigne verdiar, akkurat som dei gjer overfor oss. Er det rett å sjå mellom fingrane med sosial kontroll, sharia, fatwa og liknande. Desse verdiane finns innafor landegrensene våre.»

For gjerninga til Olav Haraldsson var ikkje å samlast om «våre verdiar». Tvert imot – innsatsen hans gjekk nettopp ut på å gjere eit opprør med eit samfunn og verdiane dei var tufta på. Den monoteistiske kristendommen vart innført som ein erstattar for ei åsa-tru som i mangt og mykje var eit spegelbilete av det gamle småkongesamfunnet, der berre ein del av innbyggjarane var frie, og der ein ikkje var verna av lover, men av styrken til dei ein hadde ætteband og skuldband til.

Gjerningane til Olav Digre kan trygt karakteriserast som «sverdmisjon». Eg er korkje teolog eller historikar, men eg vågar å uttrykkje ei tru på at motivasjonen hans for å «kristne» småkongar og stormenn var meir av politisk enn religiøs art.

Men opp frå desse heller harske gjerningane han stod bak, vaks det fram ein kultur som etter kvart ga oss eit betre samfunn:

Alle nordmenn er født frie. Innføringa av kristendommen medførte avvikling av systemet der menneske vart gjort til andre folk sin eigedom.

Alle nordmenn er like for lova. Den fyrste nedskrivne lova, Gulatingslova, inneheld tankegods som har slektskap med rettstradisjonar frå andre land, romarretten mellom anna, og det er grunn til å tru at kyrkja var ein katalysator for spreiing av mykje av dette tankegodset.

Alle nordmenn har rett på opplæring. Den fyrste institusjonen som ga folk opplæring i lesing og skriving, var kyrkja. Det er også eit poeng at kyrkja og klostervesenet var den fyrste staden der folk kunne utvikle talenta sine, uavhengig av kva familie og sosial klasse dei var fødde inn i. Og då opplæring i lesing, skriving og rekning (og kristendom) vart obligatorisk for alle i 1739, var dette tufta på eit ynskje om at alle skulle kunne ta del i det kristne tankegodset.

Alle nordmenn har tilgjenge til velferdsytingar. Også her var kyrkja fyrst ute med å tilby dette. Det er neppe feil å hevde at eit system som fanga opp behov som eigen familie ikkje kunne stette, er tufta på eit verdisyn som er vakkert framstilt i likninga om den barmhjertige samaritanen.

Men på ein del område er det rett å seie at innføringa av kristendommen førde med seg «ny» urett:

Ulikskapen mellom kjønna auka. Arvereglar favoriserte mannlege arvingar – sjekk opphavet til uttrykket «brorparten» – og heilt fram til 1974 ga Odelslova mannlege arvingar forrett til å arve eigedom. Også med omsyn til makt og mynde er kvinner blitt diskriminerte, og det er ingen grunn til å seie at dette er ein situasjon vi no har lagt heilt bak oss.

Også på andre felt har kristendommen påverka rådande verdisyn i samfunnet. Ta til dømes synet på homofili, som fram til 1972 faktisk var straffbart i Noreg.

Jau, vi har enno mykje å ta fatt i. Men det gode er at vi faktisk har teke tak i mykje og gjort forbetringar. Og dette har skjedd fordi at vi har vore villige til å vurdere eigne verdiar opp mot nye impulsar.

Det bør vi halde fram med. Men det krev at vi er villige til å nærme oss tankegods som kan synast oss framandt, og verdisett vi ikkje er fortrulege med.

Dette er ikkje det same som å falle på kne for framande verdiar og kritikklaust akseptere dei. For å ta eit døme frå sitatet eg saksa: «Er det rett å sjå mellom fingrane med sosial kontroll, sharia, fatwa og liknande.» Svaret er openbert «nei». Men det skadar ikkje å sjå litt på kva som er bakgrunnen for ei ordning, kva problem ho er tenkt å løyse, og presentere kva løysing på problemet vi har i samfunnet vårt. Kan hende oppdagar vi at løysingane vi har vald, ikkje alltid løyser dei problema dei er meint å løyse?

Det er mi tru at det å våge å gjere seg kjent med dei framande verdiane vi vert presenterte for, er ei sunn tilnærming til det mangfaldet vi i større og større grad vert nøydde til å forhalde oss til. For det er vel ingen som på alvor meiner at vi er komen til endes i samfunnsutviklinga, og at ingen ting kan forbetrast? Og kvifor skal ei slik tilnærming hindre oss i å hegne og verne om dei verdiane og løysinga vi har, og som vi ser er gode og tenlege?

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit bilete som syner Olav Haraldsson sin død på Stiklestad 29. juli 1030.

Olsokbetraktningar «dagen derpå»