Dette biletet syner Maria med Jesusbarnet på armen. Barnet legg kinnet inn mot mora sitt kinn. Denne gesten uttrykkjer at desse to står kvarandre nær.

Denne framstillinga av Jesus og Maria har sitt eige namn – Eleousa. Ordet, som er gresk, tyder noko slikt som «øm» eller «kjærleg», og uttrykkjer Maria sine kjenslar for barnet ho ber på armen. 

Modellen eg har teke utgangspunkt i, er eit ikon laga av den kretiske ikonmalaren Angelos Akotantos. Samanliknar ein biletet eg har laga med modellen, er det ikkje vanskeleg å peike på mange manglar med arbeidet mitt. Men samanlikna med tidlegare arbeid eg har gjort, synest eg at det er eitt og anna eg har fått til i dette biletet.

For øvrig vil ei slik samanlikning mellom ikonet til Angelos Akotantos og biletet mitt vere urimeleg, både andsynes meg og han. Eg er freista til å bruke ein metafor frå idretten: Sjølv om eg alltids kunne ha klart å springe 400 meter på ei idrettsbane – i alle fall med innlagte pausar – er det ingen som ventar at eg skal kunne hamle opp med den norske rekorden til Karsten Warholm.

Eg har forresten gjort noko den gode Angelos Akantos ikkje gjorde. Eg har lagt inn i biletet mitt ei lita helsing til den/dei som hugsar kva ordet «eleousa» tyder. Kan du finne den?

Du kjem attende til sida «Ikon og tradisjon» ved å peike og klikke her.

 

 

Eleousa – Guds kjærlege mor