«Har du fått i deg nok væske i dag, pappa?» spurde ei av døtrene mine meg ein dag. Det var på ein av dei varme fine sommardagane vi nyss har lagt bak oss. «Du veit, eldre folk kjenner ikkje alltid så godt at dei er tyrste.»

Nei, det visste eg ikkje. Men når eg tenkte etter, kunne det nok stemme. Det kunne godt gå nokre timar frå siste kaffikoppen og mjølkeglaset til frukost, fram til neste gong eg lyfta eit krus med noko drikkande i til leppene.

Heldigvis er den slags rimeleg enkelt å rette på. Eitt tiltak vart å drikke litt meir når eg tok dagens dose med tablettar. Eit anna var å stikke innom kjøkkenet av og til, og ta seg glas vatn. Det har vi rikeleg av hos oss, og godt er det også.

Men når eg tenkjer etter, kan det sjå ut som at det ikkje berre er tyrsten etter væske som svekkest etter kvart som vi eldest. Når eg les kva einskilde av jamnaldringane mine kan få seg til å påstå i det offentlege rommet, verkar det tidvis som om det er ein annan tyrst hos dei som også minkar med åra : kunnskapstyrsten.

For når folk avviser ny kunnskap med at dette nye strid med det dei i si tid lærte på skulen, eller at det dei med eigne auge kan sjå frå stoveglaset sitt, ikkje samsvarar med fagfolk si skildring av korleis verda er, så er det tydeleg for meg at dei neppe er innstilt på å ta ubehaget med å reorientere seg i den verda dei lever i.

Då vert det enklare for dei å avvise ny kunnskap, til dømes ved å hevde at den nye kunnskapen er suspekt. Eg har sett påstandar om at fagfellevurdert kunnskap ikkje er til å stole på av di dei som har vurdert denne, i utgangspunktet deler same oppfatninga som dei som får kunnskapen vurdert. Tilsynelatande er tanken at fagfellevurdert kunnskap nærmast er ein form for gjensidig ryggkløing, der den eine er samd med den andre, av di den andre har same oppfatning som denne eine.

Men at fagfellebasert vurdering helst handlar om å sjå etter at informasjonen som er grunnlaget for den nye kunnskapen, er etterprøvbar og handsama på ein fagleg forsvarleg måte, er det tydelegvis ingen grunn til å ta inn over seg. 

Så har vi dei som meiner at av di vitskapleg kunnskap er, og alltid har vore, i endring, så skal ein ikkje ta for gitt at vitskapen har fasit. Det har dei rett i. Men dei bør kan hende anerkjenne vitskapen si rolle som ei kjelde til stadig aukande kunnskap. Og dei bør i alle fall ikkje avvise det som vert lagt fram av kunnskapsbasert informasjon no, av di det kan tenkjast at det i framtida kjem ny informasjon som endrar på det vi i dag meiner er rett. Det kan faktisk ( pun intended ) tenkjast at informasjon vi alt har, ikkje vert endra, av di han stemmer!

Ikkje sjeldan vert slik avvising av kunnskapsbasert informasjon supplert med at det vert lagt fram alternative teoriar om årsaker til eitt eller anna fenomen. Som den nyfikne personen eg er, har eg av og til spandert tid og krefter på å sjå slike teoriar litt i saumane. Eg skal ikkje sjå vekk frå at til dømes ein kontormøbelhandlar i Bodø kan ha spisskompetanse på utviklinga av det polare isdekket. Men når t.d. NASA eller andre organisasjonar dokumenterer det motsette av det vedkomande påstår, ja, då vel eg å tru på desse i staden.

Det mest traurige dømet eg har funne på sokalla alternative teoriar, var han som hadde laga ein artikkel om solsystemet sin påverknad på temperaturutviklinga på jorda. Lista med referansar som han oppga, verka truverdig på meg – heilt til eg oppdaga at fleire av referansane hans, var tilsvarande artiklar skrivne av han sjølv…

Eg har undra meg over at ein del av desse «teoretikarane» sine påstandar får så godt fotfeste som det ser ut til at dei får. Nokon psykolog er eg ikkje, men eg trur den amerikanske skribenten Terry Tempest Williams har sett ord på nokre av dei mekanismane som gjer at det for somme er enklare å halde på «gamle  sanningar» eller «alternative nyhende» enn å ta inn over seg ny kunnskap. Ho skriv: «Denial stops us from listening… But denial lies. It protects us from the potency of a truth we cannot yet bear to accept. It takes our hands and leads us to places of comfort. Denial flourishes in the familiar. It seduces us with our own desires and cleverly constructs walls around us to keep us safe.”

For eigen del vil eg nemne nok ein mekaniame  som eg trur kan vere ein del av forklåringa: redsla for å tape ansikt. Har ein over tid vore høg og mørk og postulert at det er ein myte at menneskaleg aktivitet har påverka – og påverkar – klimautviklinga, kan det opplevast som eit nederlag å måtte innrømme at ein har teke feil.

Lat meg avslutningsvis berre nemne at den slags gamlingar som eg har skildra her, finnest i alle aldersgrupper.

Gamle folk kjenner ikkje alltid tyrste