Statsvitar Gaute Kandal Hoel skriv i BA 23.08.2024 at – sitat: « Det er forskjell på om en familie blir drept av en bombe som treffer bygningen de bor i eller om de arresteres og sendes til spesialbygde utrydningsleire laget med sikte på å utrydde alle av deres folkeslag.»

Det kan vere grunn til å spørje statsvitaren: Kven er dette ein skilnad for? Det er neppe ein skilnad for dei individa som opplever lidingane. Ingen kan hevde at det er mindre traumatisk å verte drepen eller lemlesta av tilfeldig bombing eller beskyting – i den grad ein kan kalle ildgjeving som med vitande og vilje vert retta mot stader der ein veit at der er folk til stades, for «tilfeldig» – enn det er å verte drepen eller lemlesta som offer for eit villa folkemord.

For det er individa som døyr, som vert lemlesta, som vert traumatiserte, som må bære tapet av sine kjære. «Det finnest ikkje meir smerte i verda enn det som kan rommast i eit menneskehjarte,» skreiv forfattaren Mika Waltari ein gong. Og smerta vil i denne samanhengen vere smerte på grunn av dei faktiske ugjerningane som er utførte, uansett årsak til dei.

Dermed er det fullt mogleg – på individnivå – å sidestille jødeutryddingane med andre overgrep mot uskuldige menneske som har skjedd  og som skjer den dag i dag mange stader på kloden. Eg oppfattar biletet til Töddel som ei ubehageleg påminning om det skjebnefellesskapet som også Anne Frank er ein del av: skjebnen til dei som ender liva sine i liding på grunn av andre sine ugjerningar.

No skal ein ikkje underslå dete faktum at holocaust er det til no mest omfattande forsøket på å utradere eit folk, ein kultur og ein religion, som menneskeslekta har vore vitne til. Det bør heller ikkje stikkast under stol at jødehatet ikkje oppstod og forsvann med nazistane i Tyskland. Ein treng ikkje gå lenger enn til vår eigen verdsdel si historie – og vår eiga samtid, for den del – for å finne døme på dette. Vi er ikkje kvitt jødehatet enno, dessverre.

Men å påpeike at det er andre enn jødar som har lidd og framleis lid på grunn av overgrep frå omverda kan i like stor grad motverke jødehat som det fyrer opp under det, nettopp av di det synleggjer skjebnefellesskapet ofra deler.

Også når ofra har vore utsette for Israel si krigsmaskin.

Biletet opp på sida syner ei gruppe menneske som også vart utsett for store lidingar.
Denne gruppa av romfolk prøvde forgjeves å kome inn i Noreg i 1934.
Lagnaden deira kan du lese om her. Det kan anbefalast!
Her vil du også finne fotografiet som biletet på toppen er eit utsnitt av.

Å syne empati er ikkje noko uttrykk for kunnskapsløyse!