I dag har eg feira fødselsdagen min. Ja, forresten, ikkje eg åleine. Biletet over fortel sitt: Eitt av barneborna kjem med kaka, som er pynta med lys. 114, står det. Er eg verkeleg blitt så gamnal?

Neidå, men med ein svigerson som runda år for nokre dagar sidan, er det greitt å feire åremål saman, og 114 er altså summen av aldrane våre. Når eg fortel at eg akkurat skulle til å fylle 30 år då svigersonen såg dagsens lys, kan den som vil, rekne ut kor gamle vi er…

Dagen vart feira saman med familie, og det er berre ei stor glede. Og no, når alle er farne heim til sitt og oppvaskemaskina surrar og går og reingjer kakefat og kaffikoppar, er det fint å sitje ned å sjå alle dei hyggelege helsingane eg har fått på sosiale media i løpet av dagen.

Eg har teke meg tid til å lese alle, og stoppa opp og tenkt litt på kvar og ein av dei som har sendt helsingane. Desse utgjer eit stort og mangslunge fellesskap. Nokre har eg kjent heile livet, nokre vart eg kjent med i ungdomen eller i arbeidssamanheng, andre har eg ikkje møtt anna enn på sosiale media. Nokre deler eg livssyn, verdisyn eller politisk syn med. Andre er eg rykande usamd med på eitt eller fleire område.

Men alle har teke seg tid til å sende ei lita bekrefting på at dei har hugsa på meg, og gitt sitt bidrag til at dagen min er blitt den fine feiringsdagen som han er blitt. Eg tenkjer at kvar og ein har sin større eller mindre teig i det som er mi vesle verd. Og eg kjenner at det er godt for meg at desse teigane finnest. Dei gjer verda mi flottare og rikare enn ho elles ville ha vore.

Eg skulle ynskje at alle hadde det slik, at følt fellesskap ikkje fordrar likskap, men er tufta på likeverd. Skulle eg ynskje meg noko som helst denne dagen, forutan alt det gode eg har fått, måtte det kanskje verte akkurat dette.

Tankar etter fødselsdagsfesten