«Det er mogleg å tru utan statsstøtte,» påpeikar Høgre sin stortingsrepresentant Nikolai Astrup, og argumenterer for å fjerne den statlege støtta til trussamfunn. «Dersom ein betalar for å gå på treningssenter, kan ein betale for å gå i kyrkja,» meiner han. Det kan vere noko i det – det foregår i det minste ei og anna knebøying i kyrkjerommet…

Eg har merka meg hans  «piss i buksa, så held du nok varmen ei stund»-modell for framtidig finansiering av trussamfunn gjennom sal av eigedom. Det kan vere han trur at sal av kyrkjebygg er glimrande forretning. For eigen del ser eg for meg argumenta i eit salsprospekt for kyrkjene i min kommune: «Pent opparbeidet uteområde, rolig naboskap…» Det eg ikkje klarar å sjå for meg, er kven som skulle hatt interesse i å overta desse bygga for andre føremål enn det dei i dag har.

Spøk til side – det er ikkje uvanleg at folk er kritiske til at tiltak dei sjølve ikkje synest om, skal finansierast over skatteseddelen, og at dei argumenterer mot dette. Men det er ein ikkje liten skilnad mellom det å vere kritisk og det å vere korttenkt. Kyrkja vår er i tillegg til å vere eit samlingspunkt for folk med eit bestemt livssyn, ein samlingsplass for alle som treng ein stad å kome saman når noko alvorleg skjer i samfunnet.

Dette ser vi gang på gang. Tydelegast vart det vel etter ugjerningane 22. juli 2011, då plassen framfor domkyrkja i Oslo vart omgjort til eit einaste blomehav. Ingen skal fortelje meg at det utelukkande var lutheranarar som stilte opp der.

Ein må sjå kyrkja som ein del av den ålmenne og landsdekkjande samfunnsbereidkapen. I §10 i Trussamfunnsloven kan ein lese dette: «Formålet med bestemmelsene i dette kapitlet er å legge til rette for at Den norske kirke forblir en landsdekkende og demokratisk evangelisk-luthersk folkekirke.»

Dette vart vedteke av eit fleirtal på Stortinget. For meg er det ei fin påminning om at det finnest kloke politikarar der også.

Når noko er vanskeleg, hjelper det lite å pisse i buksa