For dei som har sans for underleg språkbruk, kan internett vere ei sann skattkiste. Her er mange rare ord og uttrykk å finne, og mange synest det er kjekt å kunne dele funna sine med andre på nettet og kommentere dei. Er det bra ?
Ja – og nei !
Det er bra når dei som er opphavet til raritetane er personar ein må forvente evnar å uttrykkje seg korrekt – lærarar, til dømes, eller journalistar. Eit godt døme på raritetsdeling kan ein finne på gjoglerne.no – peik og klikk her.
Slik deling fungerer som ein slags gapestokk. Eg vil tru dei færraste har lyst til å hamne der, og kan nettsider som «Journalistnorsk» bidra til at dei som arbeider med språket sitt, skjerpar seg og skriv betre norsk, så er det bra. Vi har alle bruk for gode førebilete, og gode tekstar på nettet kan vere akkurat det.
Men så er det alle dei andre, dei som av ulike grunnar ytrar seg på nettet – det vere seg i kommentarfeltet på ein blogg, i ein annonse, eller på sosiale media. Er det like greitt å dele språkblomane dei produserer ?
For å svare på det spørsmålet vil eg dele ei historie eg høyrde for få dagar sidan : Ein person arbeider på ein institusjon. Etter kvar vakt må vedkomande skrive logg, og loggen vert så gjennomgått på neste medarbeidarmøte. Denne personen, som er dyslektikar, har mange gongar opplevd at det har vore meir fokus på skrivefeila i loggen enn på det eigentlege innhaldet i han. Dette har gått hardt inn på vedkomande, og det har etter kvart ført til at loggskrivinga er blitt den desidert tyngste delen av arbeidet.
Det kan vere ulike grunnar til at folk uttrykkjer seg klønete eller direkte feil. Dysleksi kan vere ein årsak. Manglande trening i å lese og skrive norsk er ein annan mogleg årsak. Folk les meir engelsk no enn før – dette kan vere ei forklåring på at vi i Noreg no ser ein tendens til at folk splittar opp samansette ord slik at dei minnar meir om engelsk, også når dei skriv norsk.
Dysleksi er det lite å gjere med, anna enn å godta at for einskilde vil lesing og skriving alltid framstå som vanskeleg. Men manglande skrivetrening kan det gjerast noko med. Får folk lyst til å skrive, så skriv dei gjerne meir enn dei gjorde tidlegare. Men då treng dei oppmuntring, ikkje påpeiking av alle dei feil og manglar teksten deira måtte ha.
Difor ynskjer eg at dei som måtte verte freista til å glede venene og fylgjarane sine med ein språkblome dei har funne på nettet, har litt mindre fokus på blomen og heller tenkjer litt meir på «gartnaren». Og så kan dei heller bruke tid og krefter på å glede andre med at tekstar dei sjølve publsierer, held god språkleg kvalitet.
Biletet oppe på sida er av ein kasse med lause bokstavtypar. Meir informasjon om biletet kan ein få ved å peike og klikke her.