I mange år har eg brukt litt tid om sommaren på å lese «Ringenes herre» av J.R.R.Tolkien. Det er eitt eller anna med den historia som har fengsla meg frå fyrste gong eg las ho for rundt femti år sidan, og reint språkleg er leseopplevinga rein nyting kvar einaste gong. Spesielt har eg late meg imponere og glede over den fabelaktige gjendiktinga av dei ulike versa som boka er krydra med. Etter mi meining må Torstein Bugge Høverstad si omsetjing av Tolkien sitt storverk vere ein språkleg bragd av beste merke.

Men det er ei anna bok eg gjerne vil snakke fram her: Bill Bryson si bok «En kort historie om nesten alt» er etter mi meining perfekt sommarlektyre, av fleire grunnar:

  • For det fyrste er ho morosam og lett å lese.
  • For det andre er ho full av informasjon av typen «kunnskap du ikkje visste du ikkje hadde».
  • For det tredje er ho som ein perlerad av korte og tildels svært underhaldande anekdotar, noko som gjer at du kan lese boka i store eller små brokkar, alt etter situasjonen. Perfekt reiselektyre på tog- og flyreiser, med andre ord.
  • For det fjerde vil du truleg ha blitt litt klokare undervegs i leseprosessen.

Boka tek for seg ulike naturvitskaplege emne, frå det aller største – universet – til det aller minste – atoma og komponentar ein meiner eit atom er bygd opp av. Innimellom dette får vi informasjon henta frå så ulike fagfelt som geologi, oceonografi, fysikk, biologi, medisin, og mykje, mykje meir. Eg vågar den påstanden at det neppe finnest eitt einaste menneske på denne kloden som ikkje vil finne ny informasjon i denne boka.

No skal det seiast at det til ein viss grad har framkome kritikk av boka og innhaldet i henne. Nokre meiner at boka i for stor grad byggjer på andrehands informasjon, som forfattaren ikkje har eigenkompetanse til å vurdere validiteten av. Det kan sikkert stemme, for det er lite truleg at det finnest eit einaste menneske på kloden som har fyrstehands kunnskap om alt det som vert teke opp i boka. Så kven kunne ha skrive ei slik bok, dersom fyrstehands kjennskap til alle emna i henne skulle vere eit krav?

Og så høyrer det med at ein i siste del av boka finn 36 sider med sluttnotar samt ein bibliografi på 14 sider. Det er altså fullt mogleg for den som vil, å ettergå informasjonen lesarane vert presenterte for.

Ein annan kritikk mot boka er at ho er gamal – ho vart utgitt på engelsk i 2003, og mykje kunnskap er kome til sidan. Dette er ein kritikk ein skal ta på alvor, og ikkje tru at det som står i boka naudsynlegvis er siste ord som er skrive om dei ulike emna. Men svært mykje av det som står her, står seg godt den dag i dag.

Når eg synest at dette er ei bok alle burde lese, skuldast det at ho på ein så flott måte gjev meining til eit sitat som Gro Harlem Brundtland har fått æra av å vere opphavet til: «Alt henger saman med alt.»

Og lat meg leggje til: Kvar einskild av oss er ein del av dette «alt». «Eg» heng saman med «alt». Boka seier litt om kva som er vår plass i dette universet, og ho seier litt om korleis vi har hamna her saman med alt det andre som omgjev oss. 

Men ho seier ingen ting om kvifor. Moglege svar på det kan vi kanskje finne i andre bøker…

Anbefalt sommarlektyre