Fleire får del i dette mønsteret
Hausten 2014 vart Ulluken arrangert, med mellom andre Hillesvåg ullvarefabrikk som medarrangør. Dei ynskte å lage ei utstilling av kofter som folk i Nordhordland måtte eige. Det vart til at eg lånte vekk trøya mi, saman med ei anna stastrøye eg er den stolte eigaren av – ei korsnästrøye som Kirsti også har laga til meg.
Trøya med oldefarmønsteret hamna på catwalken på ei oppvisning, og vart deretter plassert i kofteutstillinga. Der gjorde ho seg nokså bemerka, kan ein trygt seie.
Ein av dei besøkjande tok bilete av trøya og skreiv om henne på ein blogg. Andre bloggarar snappa innlegget opp, og snart hamna eit bilete og ein omtale av trøya på facebookgruppa «Koftegruppen». Dette er ei tallrik og svært aktiv gruppe, retta inn mot folk som er interesserte i norske kofter. Skal eg karakterisere gruppa med ei setning, må den verte slik: Koftegruppa er eit skattkammer med omsyn til informasjon om levande norsk strikkeradisjon.
Etter mi meining representerer mykje av det som skjer i denne gruppa delingskultur på sitt beste, og eg trur at slike grupper kan halde liv i og kan hende revitalisere den gode strikketradisjonen våre formødre ( og –fedre, tenk på Hans Nielsen Hauge ) etablerte. Flinke strikkarar fortel og forklårer dei som ikkje er så flinke, og alle kan bidra med oppmuntrande ord.
Fleire dyktige damer har tydelegvis gått laus og strikka seg trøyer basert på oldefarmønsteret, og minst tre av desse har lagt ut bilete av ferdige trøyer på Koftegruppa. Ei av dei, Eva-Lotta Staffas frå Sverige, har undervegs dokumentert arbeidet med trøya og vore svært hjelpsam med omsyn til å dele av sine store kunnskapar om strikking med alle.
<< Forrige side : Tråden går vidare | Neste side : Eva-Lotta Staffas>> |