I desember 2024 la Amnesty international fram ein rapport, der Israel si framferd i Gaza vert karakterisert som folkemord. Dei som måtte ynskje å sjå nærare på denne, finn heile rapporten via denne lenkja.

Dette synest eg er vond lesning. Eg var ikkje gamle karen då eg vart merksam på det som skjedde med jødar under andre verdskrigen, og etter kvart som eg vaks til og lærte meir om jødane si historie i landa dei oppheldt seg i, fekk eg stor sympati for tanken om at jødane trong få eit stykke land som dei kunne kalle sitt eige, med grenser som dei kunne forsvare.

Med tanke på korleis jødar av i dag har det mange stader, også i vårt eige land, forstår eg godt at tanken om ein jødisk stat med grenser som let seg forsvare, lever i beste velgåande.

Men med åra er bildet mitt av dette blitt meir nyansert. Eg vart etter kvart merksam på at det er folk som er blitt internerte i leirar av di dei budde i område som etter 1948 var erklært som jødiske. Eg  fekk etter kvart informasjon om korleis jødiske busetjarar har agert – og framleis agerer – på Vestbreidda. Eg lærte litt om kva situasjonen for folk på Gaza var.

Og eg måtte ta inn over meg at staten Israel på mange måtar hadde ei framferd som ikkje var ulik framferda til ein nyklekt gjøkunge.

Så kom 7. oktober 2023, med eit bokstavleg talt drepande åtak på Israel. Resultatet var at meir enn 1200 menneske – menn, kvinner, born – vart slakta ned, og at meir enn 250 personar vart tekne som gislar. I krigshandlingane som fylgde dette, har Israel mist meir enn 350 soldatar. Det er soleis ikkje urimeleg å anslå at rundt 1900 israelske liv vart direkte påverka av hendingane denne dagen.

Tala for dei palestinske tapa er pr. i dag – 6. desember – om lag desse: Rundt 44.850 menneske – menn, kvinner og born – er drepne som ein fylgje av krigshandlingane på Gaza. I tillegg er om lag 106.000  såra i den grad at dei har fått legebehandling og er blitt ein del av statistikken. Kor mange som vart såra og ikkje har fått legehjelp, veit ein sannsynlegvis ikkje. Ingen har heller oversikt over langtiddskadane etter traumene menneska i Gaza har opplevd.

90% av dei 2,2 millionar menneska som bur på Gaza – det utgjer meir enn 1,9 millionar menneske – har fått heimane sine øydelagde. Infrastrukturen i Gaza er totalt øydelagt.

Tala er for store til å fatte. Difor dette vesle reknestykket:

Lat oss sjå for oss eitt israelsk liv av dei i underkant av 1900 personane som vart direkte offer for ugjerningane den 7. oktober 2023. Lat det vere ei barn, ein ungdom, ein vaksen, ein mann eller ei kvinne, ein eldre person. Truleg har dei det til felles at dei ikkje er direkte skuld i det som sette i gang hendingane denne dagen.

For kvart av desse israelske liva har meir enn 23 palestinske personar – også dei born, ungdomar, vaksne, eldre, menn og kvinner – mist livet.

For kvart av desse israelske liva har meir enn 55 palestinske personar – også dei born, ungdomar, vaksne, eldre, menn og kvinner – blitt så hardt skadde at dei er komne med i statistikken over krigskadde.

For kvart av desse israelske liva har meir enn tusen menneske fått heimen sin totalt øydelagt.

Dei aller fleste av dei som er blitt råka av krigshandlingane på Gazastripa har truleg like lite skuld i situasjonen som det dei israelske offera hadde.

Så kan ein med full rett spyrje: Kan det vere slik at tapet av eitt israelsk liv rettferdiggjer drap på meir enn 20 palestinarar og at meir enn femti palestinarar vert alvorleg såra, samt at meir enn tusen menneske mister heimane sine?

Svaret mitt er «nei».

Om ein multipliserer antalet berørte skjebnar med to, vil det skape ein form for balanse i denne rekneskapen?

Svaret mitt er framleis «nei».

Kva så om ein multipliserer antalet berørte skjebnar med hundre, vil det skape ein form for balanse i rekneskapen?

Atter ein gong: «nei».

Kva så med å multiplisere talet med 1900, slik at vi nærmar oss dei tala som skildrar den faktiske situasjonen, vil det gi ein rimeleg balanse mellom israelske og palestinske tap?

Det finnest dei som på eitt eller anna vis har kome til at svaret må vere «ja». Svaret mitt er eit eintydig «nei».

 

Eit lite reknestykke mellom alle dei store