Eg kan i dag lese at regjeringa ynskjer å gi kommunane høve til å halde attende pengestøtte til innvandrarar som ikkje består norskprøva i introduksjonprogrammet. Innvandrings- og integreringsminister kallar dette «ei gulrot» som vil få fleire til å leggje seg i selen – sjå denne artikkelen i VG.
Eg vonar det ikkje vert kravd av innvandrarane at dei skal skjøne ministeren sin metaforiske bruk av omgrepet «gulrot». Det gjer ikkje eg heller…
I dagens situasjon slit eg også med å innhaldsforklåre omgrepet «innvandrings- og inkluderingsminister».
18.03.16 : Gulrot som pisk – eller omvendt ?