Noko som eg synest er så fint med julemusikk, er at han kan vere grenseoverskridande. Han er grenseoverskridande i tid – gamle melodiar vert henta fram og nytta på ny og på ny, og med stadig nye arrangement. Han kan også vere grenseoverskridande i sjanger – gamle religiøse folketonar oppstår som jazz- eller poplåtar. Og det er også i julemusikken vi finn flest overgangar mellom folkeleg og klassisk musikktradisjon.

Eg har vald ut nokre døme på dette. Trykkjer du på felta nedunder, kan du stifte bekjentskap med eit par av dei. Desse er publisert på Youtube, og peikarane til dei er lagt ut i god tru om at dei ligg på Youtube med godkjenning av dei som innehar rettane til innspelingane.

Attende til Romjulstankar
Julemusikken, der folkemusikk og kunstmusikk møtest