På denne sida har eg tenkt å publisere eit lite galleri med bilete av trøyer som er laga med ulike variantar av «oldefarmønsteret».
Dei fyrste bileta i galleriet er av dei trøyene vi har i familien. Men tanken er at galleriet etter kvart skal utvidast med bilete av andre trøyer også.
Dette arbeidet er kome i gang. Her er bilete av trøyer som er blitt laga med utgangspunkt i fotografi på internett, og ein tremenning av meg har kome med bilete av to trøyer som syner det gledelege at mønsteret er teke vare på også av andre i slekta vår.
Fyrste oktober 2015 lanserte Hillesvåg ullvarefabrikk to garnpakkar med stjernetrøyemønsteret, ein versjon basert på garnkvaliteten Ask, og ein versjon basert på garnkvaliteten Huldra. Skal ein døme etter interessen, vil det verte laga ein del slike trøyer i tida som kjem. Eg vonar at dei som etter kvart gjer ferdig eit slikt plagg, kan sende meg bilete til å leggje inn i trøyegalleriet. Ta gjerne kontakt via skjemaet nede på sida.
På den måten vonar eg å kunne dokumentere korleis eitt og same mønsteret kan resultere i mange variantar over eitt og same tema.
[expand title=»Vil du ha eit bilete av sotratrøya di i trøyegalleriet, kan du peike og klikke her.«][si-contact-form form=’1′][/expand]
<< Forrige side: Nye trøyer | Neste side: Medskaping og nyskaping >> |