Det hender at eg lærer eit nytt ord, og oppdagar at det nye ordet er knytt til omgrep eg har vore kjent med lenge. Eg har berre ikkje visst at det var det dette omgrepet heitte.

For nokre veker sidan var det ein facebookven som introduserte meg for ordet «whataboutism». Ordet var nytt for meg, men fenomenet var ein gamal kjenning.

Det er ikkje få gongar eg har irritert meg over folk som eg diskuterer ein sak med, og som skamlaust skiftar tema når argumentasjonen deira begynner å vakle litt.

Heller enn å gå djupare inn i det temaet som var utgangspunktet for diskusjonen, er taktikken å flytte fokus, anten ved å snakke om noko heilt anna, eller ved å hevde at argumentasjonen min ikkje held mål, anten av di eg er «woke», eller av di eg ikkje evnar å tenkje sjølv, eller av di eg berre hentar informasjon frå PK media, som er deira stammespråk for «politisk korrekt» media, kva no det kan vere.

Til tider har taktikken fungert. Det har hendt at eg har late meg lokke til å drøfte det nye temaet som kom i fokus. Men eg trur ikkje eg skal late meg lokke til det så mange gongar heretter.

I staden tenkjer eg at eg no og då skal fylgje eigne tidlegare kunngjorte forsett, og nøye meg med å gi ei attendemelding om at taktikken er avslørt, og at eg tek bruken av whataboutism som ei bekrefting på at vedkomande er tom for gode og relevante argument, og veit det sjølv.

Så sparar begge tid og krefter som kan nyttast til noko nyttigare.

Biletet over er fargerikt og skarpt, men utan eigentleg informasjon.
Ikkje heilt ulikt diskusjonar der whataboutism får råde grunnen.
Foto © Alexander Grey. Attgitt med løyve.

What about whataboutism?