Eg trur eg er i ferd med å kvitte meg med ein (u)vane: Eg skal ikkje lenger late meg provosere av det folk kan finne på å publisere på sosiale media.

Tidlegare let eg meg ofte rive med. Eg var meir aktiv, og tok gjerne ein diskusjon med folk eg var usamd med. Føremålet var ikkje fyrst og fremst å få desse til å endre meining eller haldning. Det forstod eg ganske tidleg ville vere fånyttes. Men eg prøvde etter fattig evne å røkje etter kva som låg bak synspunkta deira, sidan dei var annleis enn mine.

Dette hadde eg forventningar om å kunne lære noko av. Det har eg ikkje lenger. Sånn sett kan ein seie at eg lærde då noko, i alle fall.

Så hadde eg ei forventning om at eg kunne bidra til at folk som måtte fylgje med i diskusjonane våre, kan hende kunne ta til seg at det kunne vere delte meiningar om ei sak, om ikkje anna. Eg veit ikkje om eg nokon sinne lukkast særleg med det, for eg trur at dei som var samde i eit innlegg, neppe endra meining på grunn av det eg måtte meine. Dei som i utgangspunktet var samde med meg, heldt vel fram med å vere det. Og resten ga sannsynlegvis blaffen i kva den eine eller den andre av oss måtte meine.

Endeleg er det slik at når ein har lese slike innlegg ei stund, ser ein at det stort sett er dei same emna som dukkar opp. Lat meg gi nokre døme på synspunkt frå einskildpesonar som meir eller mindre uendra har dukka opp på sosiale media dei siste to-tre åra, med ulike formuleringar rett nok, men med lite varierande innhald. Døma er sett opp i uprioritert rekkjefylgje.

  • Påstandane om menneskeleg påverknad på klimaet er ikkje endeleg prova, og soleis eit dogme.
  • Det er to biologiske kjønn, basta. Meir er det ikkje å seie om saka. Folk med ein ei anna seksuell legning eller annan kjønnsidentitet, er meir eller mindre sinnsforvirra.
  • Ukrainarane kan takke seg sjølv for at Russland invaderte landet deira.
  • Folk som tek på alvor korleis andre menneske vert stigmatiserte for den dei er, er woke – og det er verkeleg ille!
  • Fagkunnskap er ikkje noko ein treng ta på alvor – med mindre ein kan bruke den som argument for eigne synspunkt.
  • Media er ikkje til å stole på – med nokre heiderlege unntak. (Eitt av desse unntaka ser for øvrig ut til å vere ein mann som i si tid hevda at Pol Pot var ein framifrå leiar for landet sitt, lenge etter at resten av verda hadde forstått korleis situasjonen i Kambodia faktisk var.)

Eg kan spare meg for å kome med motargument, for då får eg vite at eg ikkje evnar å tenkje sjølvstendig, men berre er ein lydig reidskap for makta. Eller endå verre: Eg tenkjer og trur det same som fleirtalet, og det kan ikkje vere bra, for det er berre dei som tenkjer annleis, som driv utviklinga framover. Som om det skulle vere min person som i utgangspunktet var emnet for diskusjonen!

Men det er også ein annan grunn til å spare pusten med omsyn til motargument: Ved å bruke tid og krefter på argumentasjon, gjev ein vedkomande ei slags bekrefting på at det som vert hevda, er verdt å bruke tid på. Eg får same funksjonen som vasspegelen hadde for Narcissus.

Eg er ikkje så sikker på om eg skal gidde. Jau, forresten, eg er sikker: Eg gidd ikkje.

Ein kommentar til biletet oppe på sida, som er teke av Stephan Kuligowski, og attgitt med løyve: Dette skiltet skal henge utanfor ein klubb i London, der alle innvendige veggar er dekka med speglar.

På plassar som det skal eg ikkje. Eg aktar ikkje å fungere som spegel for narsisistar.

Eg gidd ikkje!