Ein skulle tru at når det gjeld julesongar, så må det meste for lengst vere sagt. Og slik er det vel gjerne også, men av og til vert dei gamle tankane ikledd nye ord. Då kan det hende at ein stoppar litt opp og let seg gripe av innhaldet i desse orda. Slik vart det med meg, då eg fekk høyre Edvard Hoem lese sin vakre «Barnas julesong». Kan hende er det slik med deg også?
 
Det er ein gammal song vi nesten gløymde,
som seier at det skal bli fred på jord.
Det er ein draum som alle slekter drøymde,
som er blitt gjenfortalt med vakre ord.
 
For fredens fyrste var ein lite unge,
som kom til verda i ein gissen stall,
foreldra hadde ingen stad å vera,
og vinternatta var så mørk og kald.
 
Og brått var himmelkvelven full av englar,
som song for hyrdane på nattevakt
Eit lite barn er fødd i vinterkvelden
og det er slutt på mørkrets overmakt.
 
For no i natt skal milde dropar falle,
i ørkenland, så roser atter gror.
Eit lite barn er blitt eit bod til alle
Det skal bli fred ein gong, på denne jord.
 
Vi som er barn som arver denne jorda,
og nye barn i nye tusen år
skal bygge opp, der død og ufred herja,
ei rettferds jord der fred og glede rår.
 
 
 
Andre fine dikt kan du finne via denne sida.
 
Biletet oppe på sida er teke av Anna Khasova, og er attgitt med løyve.
Edvard Hoem : Barnas julesong