Det nærmar seg tida for å leggje ut artiklane i julekalenderen min. Dette vert no sjette gongen det skjer.  Så kan ein spørje kvifor eg gjer det – det er då (for det meste) det same stoffet som dukkar opp frå år til år.

Eg har nokre grunnar for dette, som eg gjerne vil dele.

Ein viktig grunn er at eg opplever at jula, som etter mi meining skulle vere ei høgtid som har plass til alle, ofte skapar splid mellom folk av di dei har ulikt syn på jula sitt innhald.

Somme meiner at jula er ei høgtid til minne om Jesu fødsel, og ingen ting anna.

Andre meiner at den kristne jula er ein slags okkupasjon av ei eldre, og kan hende meir opphavleg markering av solsnu midtvinters. I førkristen tid vart midtvinter markert med blot, der Odin (her avbilda på hesten sin, Sleipner) var ein av gudane det vart ofra til. (Og vi veit ikkje om det vi kjenner som den norrøne gudetrua, i si tid har avløyst eldre religiøst tankegods. Men usannsynleg er det ikkje.)

Atter andre er kan hende ikkje så opptekne av jula si historie i det heile, men opplever at dette er ei tid for hygge og kos på ei tid på året der det elles ikkje er så mange lyspunkt.

Etter mitt syn bør alle kunne forvente respekt for «sin» måte å gå inn i denne høgtida på.  Men slik er det ikkje, dessverre. Det ser ut til å vere etablert ein årvisst attendevendande tradisjon for å ville «skjerme» folk for juletradisjonar som ikkje høver med den tilnærminga til jula som ein sjølv har. Det er dei som marknadsfører dette som utslag av ei  prinsippiell tilnærming til korleis ein skal handsame det kulturelle og religiøse mangfaldet i samfunnet vårt. Men for meg er det noko uklårt kva prinsipp ein i så fall legg til grunn.

Og eg likar dårleg ei slik tilnærming til det meinings-, trus- og tradisjonsmangfaldet vi etter kvart har fått her til lands. Eg har større tru på openheit og inkludering som ein god måte å handsame mangfald på, enn på å legge lok på ulikskapar og berre tillate at eit slags minste felles mål av tankegods vert synleggjort.

Sagt på ein annan måte: Eg trur ikkje det skadar nokon å kommunisere at jula gjennom mange hundre år hos oss har vore sentrert om ei kristen forteljing, og at ho er slik for ganske mange menneske den dag i dag. Men det skadar slett ikkje nokon å kommunisere at andre har heilt andre tankar om kva som er innhaldet i jula.

Og så trur eg det vil vere uheldig – for ikkje å seie direkte dumt – å underslå at mykje av det tankegodset som pregar våre norske juletradisjonar, og som vi oppfattar som spesifikt kristent tankegods, har heilt andre røter enn dei reint kristne. Somme har oppstått lenge før kristendommen sjølv. Andre har oppstått under andre himmelstrøk, og i andre kulturelle og religiøse samanhengar.

Jula er etter mitt syn eit godt døme på at ei slik blanding av ulike impulsar kan gi flotte og verdfulle resultat. Og litt av julekalenderprosjektet mitt har vore å synleggjere nokre av dei ikkjekristne impulsane som har fått plass i vår tradisjonelle julefeiring. Sannsynlegvis burde eg teke med fleire døme enn dei eg har fått plass til.

Ein annan grunn er at eg gjerne vil syne korleis denne høgtida har funne si form, sine historier og sine tradisjonar på ulikt vis rundt om i verda. For det er ikkje slik at våre juletradisjonar i eitt og alt er like juletradisjonane andre stader på kloden. På den måten kan jula stå som eit godt døme på at ein tradisjon prega av mangfald er ein rik tradisjon.

Og endeleg vil eg berre seie at eg for eigen del synest jula som fenomen har gjort livet mitt rikare – og då tenkjer eg ikkje på rikdom av gods og gull !

Då er det berre å ynskje deg
velkomen til sida der du finn lukene i adventskalenderen.

Tankar før advent