Eg innrømmer det gjerne: Det er mykje eg ikkje veit. Og dess lenger eg lever, dess meir vil det vere eg ikkje kan nok om. Grunnen er rett og slett den at tilveksten av kunnskap er langt større enn det eg er i stand til å ta til meg av ny kunnskap. Gapet mellom min kunnskap og den samla kunnskapen i verda berre aukar, uansett kva eg måtte gjere for å halde meg oppdatert.

Det kostar meg lite å innrømme dette. Eg veit eg ikkje er åleine om å ha det slik. Ja, når eg tenkjer etter, er vel dette ein situasjon eg delar med alle menneske.

Det betyr at vi alle på eitt eller anna stadium er tvungne til å erstatte viten med tru. Ikkje tru i religiøs tyding, men vi kjem på eitt eller anna tidspunkt dit at vi ikkje lenger har føresetnader for å avgjere ut frå eigen kunnskap om ein påstand er rett eller ikkje. Vi må ganske enkelt velje kven det er vi vil tru på, kven vi vil stole på. Og så får vi vone at valet vi gjer, vert gjort med klokskap og på grunnlag av godt skjønn.

Det er spesielt på eitt område at den slags val vert tydelege, og det gjeld klimaproblematikken.  Her er det mange som har måtte velje kva informasjon dei vil satse på er rett, og vala har synt sg å gi svært ulike utslag:

Nokre hevdar med tyngd at global oppvarming ikkje er ein realitet, og syner til at jorda gjennom heile si historie har hatt varme og kalde periodar.

Andre har teke inn over seg at ein no for tida opplever ei historisk rask oppvarming av kloden, men meiner at dette fenomenet kan ha fleire årsaker, og at det slett ikkje er gitt at menneskeleg aktivitet er den viktigaste årsaka.

Så er det dei som i og for seg kan gå med på at klimaendringane er reelle, men at konsekvensane av dei i sum neppe vil vere av så stor betydning at vi menneske ikkje kan klare å handskast med dei.

Og endeleg er det dei som har teke inn over seg at jorda faktisk vert varmare i eit stadig høgare tempo, at dette er alvorleg for oss menneske, og at vi sjølve må bere ein stor del av ansvaret for at det er blitt slik. Sjølv tilhøyrer eg desse, og ser på dette både som ei utfordring og eit ansvar, men også som eit håp.

Felles for oss alle er at vi sjølve meiner å ha gode grunnar for å meine og tru det vi trur og meiner. Felles for oss alle er at vi kan finne referansar til utsegner og informasjon som kan tolkast som at den byggjer opp under synspunkta vi har. Og likevel er det slik at dei ulike synspunkta ikkje let seg foreine i ei felles sanning.

Korleis kan dette ha seg?

Eg trur svaret er samansett. Men ein viktig faktor er det at vi menneske i mange situasjoner søkjer etter å få bekrefta standpunkt vi har frå før. Vi legg gjerne større vekt på utsegner som kan bekrefta det vi meiner, eller vi vel å tolke utsegner på ein slik måte at dei tilsynelatande byggjer opp under det vi trur må vere rett.

Eller vi kan velje å argumentere på ein slik måte at sluttsatsen vert noko som vi i utgangspunkt meiner er rett og bra. Ein mann eg elles ikkje har særleg sans for, Richard Dawkins, har lært meg eit nyttig omgrep som dekkjer dette. Han snakkar om «wishful thinking».

Eg trur eg møtte eit utslag av dette fenomenet i dag: Ein person skreiv fylgjande på Facebook: «Det er så langt ikkje registrert eintydige konsekvensar av global oppvarming.» Så kom ei oppfylgjande opplysning: «Eg har lese artiklar om det. Av fagfolk.» Då eg etterspurde referansar, vart eg lovd at det skulle eg få.

Eg trur ærleg talt ikkje at eg får noko slikt. Til det er effektane av den globale oppvarminga sopass veldokumenterte, at eg tvilar på at ein fagperson vil mæle imot.  Betyr det så at eg trur vedkomande laug? Svaret er nei. Eg tvilar ikkje på at vedkomande har lese eitt eller anna som kunne tolkast i den retninga, og at vedkomande har tolka det slik. Eller sagt på ein annan måte: gått i bekreftingsfella, som det for øvrig  finnest ein informativ, liten artikkel om her.

Men korleis skal vi forhalde oss til at vi ser så ulikt på tilhøve det i grunnen ikkje kan vere fleire versjonar av? Eg trur det er to ting vi kan gjere:

For det fyrste bør vi – uansett kor rett vi trur vi har – late det vere ei lita opning for at den eller dei vi er usamde med, kan hende hadde rett likevel. I dette ligg det vilje til å oppsøkje motforestillingar til det ein sjølv trur, til å vere like villig til å syne skepsis til eigne standpunkt i same grad som ein er skeptisk til det andre måtte føre til torgs.

For det andre bør vi – uansett kva vi meiner eller trur er den rette situasjonsskildringa – vere innstilt på eit mogleg «worst case»-scenario. Kåre Willock formulerte det så elegant i ein panelsamtale på Arendalsukene då han stilte desse to spørsmåla: «Trur du at huset ditt kjem til å brenne?» Svaret er vel «nei» for dei fleste, skulle ein tru. «Men har du teikna forsikring på huset, då?», var oppfylgjingsspørsmålet. Og svaret var nok helst «Ja, naturlegvis». Innlegget kan ein sjå her.

Lat biletet oppe på sida – som er teke av Markus Spiske og nytta med løyve –
stå som ei påminning om at når ein bevegar seg inn i landskap der ein ikkje har god oversikt,
kan det løne seg å opptre med varsemd og omtanke.

Når noko vert uklårt