I tredje del av juleoratoriet tek Bach opp tråden frå andre del. I Lukas 2.15 står dette: «Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: – Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Bach gjev ordet til evangelisten, men det hyrdingane seier, vert framført av koret.

Men når gjetarane står ved krubba, er det som om forteljinga endrar retning. Evangelisten syng versa 17. -19. av juleevangeliet. Det siste han syng, er dette: «Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det.» Og Bach tek dette vidare inn i oratoriet: Det kjem ein arie der innhaldet kan uttrykkjast slik :

Lukk, mitt hjarte, dette heilage under
fast inn i di tru.
Lat dette guddommelege underet 
styrke og bere di svake tru.

Og koret «kvitterer» på vegne av kyrkjelyden med koralen som er attgitt nedunder, og som har om lag dette innhaldet:

Med flid vil eg ta vare på deg, leve livet mitt i deg,
og når livet mitt her er over, 
møte deg med glede i det evige.

Vil du lese meir om Juleoratoriet, kan du finne det eg har skrive om det ved å peike og klikke her.

Du kjem attende for startsida til romjulstankane mine ved å peike og klikke her.

Juleoratoriet, kantate nr.3