… kan ein i alle fall glede seg over å sjå på dei.

To av mine store førebilete innan fotografi er den amerikanske fotografen Ansel Adams og den franske fotografer Henri Cartier-Bresson. For meg representerer dei to svært ulike måtar å nærme seg fotokunsten på.

Bileta som er attgitt i artiklane, har eg teke sjølv. Eg har ikkje bede om løyve til å publisere bilete av Adams og Cartier-Bresson. Dessutan har eg ein anna meining med dette : Bileta mine er døme på bilete som eg føler er tekne med inspirasjon av desse to mestrane.

Eg kan ikkje påstå at mine bilete er i same liga som bileta til desse to. Men eg har alltid vore glad i å sjå på bileta deira, og desse to har kvar på sitt vis inspirert meg til å halde fram med å ta bilete av det eg ser kring meg. Av den grunn har eg lyst til å presentere dei for deg.

Ansel Adams – den analytiske estetikaren

Ansel Adams ( 1902 – 1984 ) er for meg den analytiske estetikaren. Bileta hans er vakre og teknisk briljante ...
Les Meir

Henri Cartier-Bresson – den spontane estetikaren

Henri Cartier-Bresson ( 1908 – 2004 ) er for meg den spontane estetikaren. Eit kjenneteikn ved stilen hans er at ...
Les Meir

 

Om ein ikkje kan nå skyene…