Øystein Benestad i Levande folkekyrkje meiner at kyrkja ikkje må la seg styre av homofile som fortel negative historier om norsk kyrkjeliv. Det kan han ha rett i. Men er det dette som skjer ?

I ein artikkel på nrk.no som ein kan lese i sin heilskap ved å peike og klikke her, seier han at kyrkja må vere teologisk og prinsipiell. Det høyrest også fornuftig ut.

Samstundes argumenterer han gjennom å fortelje ei historie han har laga seg: Dei som ynskjer å opne for at homofile skal kunne nytte kyrkja på same måte som dei heterofile, kan i for stor grad vere styrte av sine reaksjonar på folk sine personlege historier.

No treng ikkje folk sine reaksjonar på andre menneske sin situasjon  vere negativt i seg sjølv. Eg har til gode å høyre nokon kritisere kyrkja sine folk for å vise for mykje empati. Men ved å antyde at dei som meiner at likekjønna skal kunne viast i kyrkja ikke har tenkt prinsippielt og teologisk i tilstrekkeleg grad, kan Øystein Benestad ha kome til å underkjenne det tankegodset dei har lagt til grunn for standpunktet sitt.

Eg er ingen teolog, og kan heller ikkje så mykje om kyrkjesoge. Men til og med min skrøpelege kunnskap om kyrkja si historie er tilstrekkeleg til at eg veit om nokså mange døme på at teologien gjennom åra har endra syn. Lat ord som kosmologi, syn på dødsstraff, syn på sjølvmord, syn på miljøet vi lever i og fridomsteologi vere stikkord for døme på dette.

Det kan for meg sjå ut som om mange av endringane som har skjedd innan kristen lære og tradisjon, skuldast at teologane har teke inn over seg ny kunnskap om eit emne, og deretter justert kursen i tråd med si auka forståing for og innsikt i emnet.

Ein har i dag større kunnskap om menneska sin seksualitet enn ein hadde før. Ut frå det tenkjer eg at dei som i dag går inn for å opne dørene for å gi homofile dei same tenestene som heterofile, godt kan ha kome fram til dette synet nettopp som eit resultat av ei prinsippiell og teologisk tenking.

Å antyde noko anna, slik Øyvind Benestad her gjer, synest eg er arrogant.

Oppe på sida ser ein eit utsnitt av «Forelesninga»,
eit bilete av den engelske målaren William Hogarth (1697 – 1764).

Vi må ikkje la historiene styre