Kortversjonen av svaret er som fylgjer : Vi veit ikkje sikkert kva ordet «jul» tyder.
Men ordet er gamalt, og vi finn ulike variantar av ordet på mange språk :
- I Noreg seier ein jul eller jol.
- I Sverige og Danmark seier ein jul.
- I Island og på Færøyane seier ein jol.
- I Finland seier ein joulu og i Estland seier ein joulud.
- Ei gamalt engelsk namn på denne tida er yuletide, men sjølve julehøgtida her har eit anna namn – Christmas.
Det er mange forklåringar på kva som ligg i dette ordet – både med omsyn til kva som meinest med ordet «jul», og kva som er det språklege opphavet til ordet.
Nokre meiner at «jul» er namnet på midtvintersblotet som vart halde til ære for dei norrøne gudane, og peiker mellom anna på at eitt av Odin sine namn er Jolni, som skal tyde «Herren over jula».
Andre meiner at «jul» er namnet på ein av vintermånadane, eller kan hende på tida mellom dei tre fullmånefasane som var nærmast vintersolkverv.
Også opphavet til ordet har fleire teoriar:
Ein teori er at ordet kan kome av ordet «ule» – at dette var tida då vinterstormane herja som verst og ulte rundt novene. I ei tid som kunne vere langt meir prega av vinterkulden enn vi opplever no, er det ikkje vanskeleg å forestille seg at dei kalde vindane var noko ein merka ekstra godt, både innomhus og ute.
Ein annan teori vart framlagt i Linda Eide sitt språksjov på NRK i desember 2018. Den går ut på at ordet har same opphav som hjul, altså noko som går rundt. Og sidan det var professor Gunnstein Akselberg som la fram dette, er det nok denne teorien eg fester mest lit til. Her peika Gunnstein Akselberg på at sjølve høgtida har røter som går langt attende, til tider før kristendomen kom til landet vårt. Dette synest eg er viktig å ha i minne.
Men for mange er jula ei kristen høgtid, og slik har det vore lenge. Det kan sjå ut som om ein del andre har mest lyst til å fortrenge det faktumet, og nærmast ynskjer å utrydde det som måtte vere av kristent innhald i julehøgtida. Ein kan spørje om dette er rett. For anten ein likar det eller ikkje, så er det no ein gong slik at kristendomen har vore ein faktor i samfunns- og kulturlivet i landet vårt i rundt tusen år, og denslags kan ein ikkje utan vidare underslå.
Samstundes er det også eit faktum at jula for stadig fleire har fått eit anna innhald enn det kristne. Det treng ikkje vere problematisk, så lenge kvar av oss kan leve med at andre kan ha eit heilt anna syn på innhaldet i jula enn det vi sjølve har. Meir om dette i ei anna kalenderluke.
Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.