Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit bilete laga av den japanske kunstnaren Hiroshige. Det er laga i 1830-åra, men kjennes likevel såre aktuelt.

12_hiroshigebileteVi er inne i ei kald tid, både reint meteorologisk og i øverført meining. Dei fleste har det nok godt her i landet, men det finnest også mange som ikkje er like heldige.

Attmed er heile biletet til Hiroshige attgitt.  Dei små menneska som vassar i snøen kan vere ei påminning om ubehaget ved å måtte vere ute i kulden. Husa til venstre i biletet kan minne oss om at det finnest mange varme hus, og kan hende plass i dei til ein eller nokre som treng husvarmen.

Hausten 2016 var det eit ungt par som annonserte at dei gjerne ville låne vekk huset sitt i jula til einkvan som måtte trenge det. Før dei skulle reise av garde for å feire jul ein annan stad i landet, ville dei pynte juletreet og fylle kjøleskåpet med julemat til dei som skulle få låne huset. Ein kan lese meir om dette initiativet ved å peike og klikke her.

Responsen var overveldande, både frå folk som gjerne ville takke ja til tilbodet, og frå mange andre som rett og slett syntest dette var eit raust og godt tilbod dei kom med. Det er all grunn til å ta hatten av for desse to idealistiske menneska. Dei er eit førebilete for oss andre.

Ikkje alle kan gjere som desse to – feire jula hos slekt og vener, og overlate huset til andre. Det er knapt nokon som ventar det heller. Men litt kan vi gjere, kvar og ein av oss. Hjelpeorganisasjonar bed til dømes om pengar for å kunne gi folk som treng det, ei ekstra handsrekning til jul. Det er noko vi kan respondere på. Eller vi kan prøve å vere litt meir inkluderande med dei som bur rundt oss. Dette veit vi best sjølve.

Men så kjem det dagar etter jula. Også då vil det vere folk som har behov for vår hjelp. Det er fullt mogleg å hjelpe nokon etter jul, og. Men det er ingen ting i vegen for å starte no.

12_julekortBiletet attmed skal syne det eldste masseproduserte julekortet i verda. Det er laga i 1843.

Du kan få fram eit større bilete av kortet ved å peike og klikke på det. Biletet har mange detaljar som det kan vere verdt å studere.  Legg spesielt merke til motiva i felta til høgre og venstre for det kolorerte hovudfeltet. Det er ein grunn til at eg har vald å syne akkurat dette kortet akkurat her…

Peikaren til denne historia av Leo Tolstoj er heller ikkje tilfeldig plassert.

Og denne songen har så absolutt noko med saka å gjere :

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

12. desember – Velkomen inn i varmen