Før kalenderreformen i år 1700 var 13. desember ein av dei aller mørkaste dagane i året. Etter den tid kom 13. desember ti dagar tidlegare. Men framleis er det ein mørk dag.

At folk gjerne ville lyse opp denne dagen, er ikkje underleg. Og spesielt i Sverige er dagen markert, ved at ein feirer Santa Lucia med opptog og song. Vi her heime har teke litt etter svenskane her, men vår markering bleiknar nokså mykje samanlikna med korleis søta bror gjer det.

I videoen nede på sida kan ein høyre litt av historia om Santa Lucia, som er i fokus for feiringa. Difor skriv eg ikkje så mykje om det her. Men eg vil likevel nemne at det var vanleg å framstille henne med eit par auge på eit fat, slik ein kan sjå på biletet oppe på sida. Tradisjonen fortel at augene hennar vart tekne ut før ho vart avretta som martyr, men at dei på mirakuløst vis kom på plass att innan ho vart gravlagd.

LussiMen Santa Lucia hadde ein mørk parallell i den kvinnelege vetten Lussi, som var ein skummel figur i gamal norrøn folketru. Ho for rundt frå gard til gard og skulle sjå til at alt var ordna og gjort klart til jul. Og nåde den som ikkje hadde alt på stell! Lussi var ei temperamentsfull dame som kunne gjere stor skade dersom ho oppdaga at einkvan hadde sluntra unna pliktene sine.

Namnet Lussi har forresten truleg same opphav som namnet Lucia. Det kan kome av det latinske ordet lux, som betyr lys. Skulle einvan synest det er underleg at ein så mørk figur som Lussi hadde eit namn som tyder «lys», kan det vere på plass å nemne at namnet Lucifer sannsynlegvis også har same opphavet.

I ein innsiktsfull artikkel på forskning.no – ein finn artikkelen ved å peike og klikke her – skriv Kristin Støle Kalgraff om den magiske og fårlege natta til 13. desember. Det er interessant å lese at ein i denne feiringa finn spor av ein symbolbruk som kan hende er meir enn tusen år eldre enn kristendommen.

Men  den svenske tradisjonen har også andre uttrykk enn det filmen frå luciamorgonen i Kungsholms kyrka fortel. Poeten Erik Axel Karlfeldt skildrar ein luciamorgon på denne måten:

I natten darra  de kalla väder.
Steg hör jag knarra  på vindens bräder:
i hvita kläder  stod herrgårdsflickan,
med vaxljuskrona kring håret fäst,
nyss vid mitt läger och räckte brickan
lugnt i sin renhet åt yrväckt gäst.

Nu upp till gamman i mörka tider!
Med tjärvedsflamman Lucia skrider
i däld och lider. I dörren gläntar
med morgonglöggen min muntre värd
och bringar bud, att ung dottern väntar
sin late körsven till festlig färd.

I tidig vinter re’n snön är fallen,
och foten slinter på frusna vallen,
och hvit står tallen som silverstaken
för månens prunkande högtidsljus,
och stjärnbloss brinna högt över taken
på djurens fållor och mänskors hus.

Och släden redes med fäll och täcken,
och selad ledes från klöverhäcken
den raske skäcken. Med fröjd vi glida
igenom sovande skogars skjul.
Ur huvan tindrar det vid min sida
som morgongryning till härlig jul.

Og her kan du nyte ein flott versjon av dette diktet, sunge av Sofia Karlsson.

Ei lita oppdatering, lagt inn i kalenderen den 12. desember 2016 :

Ein skulle tru at Luciatradisjonen i Sverige var rimeleg lite kontroversiell. Så feil kan ein ta. Butikkjeden Åhlens la ut eit bilete av eit mørkhuda luciakledd barn, og resultatet vart ein storm på sosiale medier. Mange kjende det som eit angrep på dei svenske juletradisjonane, og ga tydelege signal på det. «Rasisme» og «hatefulle ytringar» er ord som er nytta for å karakterisere det som vart skrive. 

Einskilde forsvara dei skarpe negative reaksjonane ved å anklage Åhlens for kynisk biletbruk. For eigen del skal eg ikkje spekulere over motiv og vikarierande motiv, men berre minne om at den opprinnelege Santa Lucia var frå Sicilia, der lyshuda og blonde menneske ikkje akkurat er i fleirtal. Det er soleis grunn til å tru at den opphavlege Lucia likna meir på barnet som var avbilda i annonsen frå Åhlen, enn dei lyshåra jentene som ofte har rolla som Lucia.

Og nok ei oppdatering, lagt inn i kalenderen 13. desember 2022:

Det ser ut til at einskilde personar har ei klår oppfatning korleis ei «ekte» Lucia skal vere – og ikkje vere. Og nokre misbrukar makta si til å hindre at Luciaopptog vert gjennomførte på anna vis enn dei sjølve meiner er rett – les meir her. Eg skal ikkje seie kva dette minnar meg om, utan at eg vil nemne at eg får assosiasjonar til Tyskland for knappe 90 år sidan…

Du kjem attende til «Kalenderlukene» ved å peike og klikke her.

13. desember – Santa Lucia, lys i mørkret