Ein skal ikkje ta alt for god fisk. Internett er ei kjelde til god informasjon, men her florerer også påstandar som i beste fall er upresise, og i verste fall direkte villeiande. Det er ikkje alltid like lett å skilje skit frå komle, så kva gjer ein?

For min eigen del har eg ein strategi for å prøve å sortere ut i det minste noko av desinformasjonen eg vert møtt med. Eg trur nemleg at alle påstandar er fundert i tre faktorar, som eg har vald å kalle faktagrunnlag, vurderingsgrunnlag og verdigrunnlag. Og strategien eg nyttar, går på å prøve å forstå kva som er lagt inn i grunnlaga for den aktuelle påstanden.

Faktagrunnlaget er kva faktaopplysningar ein påstand er bygd på. Her ser eg to opplagte problemstillingar: Den eine er at det ikkje finnest noko som kan underbyggje at ein påstand som vert framstilt som faktum, faktisk er det. Den andre er at folk framstiller eigne vurderingar av ein sak, som om det var eit faktum.

Når eg møter ein påstand som anten er ny for meg, eller som strir med det eg fram til då har meint eg har visst, brukar eg ofte å spørje kvar vedkomande har dette frå. Det hender  at eg vert møtt med irritasjon frå den eg spør. For meg er det eit sikkert teikn på at vedkomande er på tunn is, og veit at det er vanskeleg å belegge påstanden. Men det har hendt at vedkomande har gitt meg informasjon som har vore ny for meg, og som har vore tilstrekkeleg verifiserbar til at eg har teke han inn over meg.

Med andre ord: Å prøve å leite fram faktagrunnlaget for ein påstand kan være ein lærerik prosess, anten konklusjonen vert slik eller slik.

Vurderingsgrunnlaget handlar om korleis den som fremjer ein påstand, sjølv har vurdert faktagrunnlaget i påstanden. Dette er ikkje likegyldig, for det er fullt mogleg for folk å feilvurdere informasjon som i og for seg er korrekt nok.

Eit døme på dette kan vere dei som har nytta overdødelegheitsstatistikk som indikator på at covid-19 ikkje kan ha vore så alvorleg som medisinske fagmiljø og helsestyresmaktene ville ha det til. Det desse tydelegvis har ignorert – medvite eller umedvite – er at tiltaka som vart gjennomført, gjorde at antalet dødsfall av influensa, som spreier seg på same vis som corona-19, gjekk drastisk ned, noko som bidrog til dei statistiske resultata vi no har sett.

Dermed vert det viktig å røkje etter korleis informasjonen er blitt vurdert og vekta mot annan informasjon. Og noko som for meg er ein sikker indikator på at ikkje alt er på plass, er når alternativ eller supplerande informasjon vert stempla som manipulert, eller at det vert stilt spørsmål ved integriteten til kjeldene for informasjon ein ikkje har vald å ta omsyn til.

Med andre ord: Å sjå etter grunnlaget for at ei faktaopplysning er blitt tolka slik eller slik, kan også vere opplysande. Det kan gjere at ein ser grunnar til å avvise ein påstand, men like nyttig er det dersom ein får nye impulsar som kan stille spørsmål ved eige vurderingsgrunnlag – i alle fall dersom ein har mot til å vere kritisk til det. For i denne prosessen nyttar vi sjølvsagt vårt eige vurderingsgrunnlag som verktøy.

Verdigrunnlaget handlar om korleis ein har vekta denne informasjonen mot annan informasjon. Det kan vere greitt å nytte eit døme på dette: Mange har ei meining om bruken av hovudplagget hijab i Noreg. Nokre påstår at dette er eit uttrykk for undertrykking av kvinner, og vil forby det. Andre påstår at dette er eit uttrykk for og ei markering av ein religiøs identitet, og meiner at dette må vere greitt.

Eg har møtt begge påstandane i artiklar og i sosiale media, og ikkje sjeldan er dei framstilte som om dei var reine fakta. Men når sant skal seiast, er vel det einaste faktum ein kan leggje fram her, at det er kvinner i Noreg som nyttar plagget. Resten er dels basert på vurderingar, eller på verdisynet til den som fremjar påstanden.

Med andre ord: Å sjå på verdigrunnlaget for ein påstand kan dels bidra til å nyansere påstanden, og også vere ei nyttig påminning om at dei verdiane kvar av oss held høgt, påverkar måten vi møter ulike påstandar på. Av og til kan eit ordskifte om ei sak ende opp med eit ordskifte om meir grunnleggjande verdiar, og ein verdidebatt skal ein gå inn i med takksemd.

Difor er eg glad for å verte møtt med ulike påstandar – inkludert dei som eg i utgangspunktet trur, eller i ettertid meiner, er berre tull. Også slike påstandar kan bidra til ein større innsikt hos meg – om ikkje anna gi meg ein peikepinn om korleis andre kan tenkje rundt ei sak.

Og skepsis er altså haldninga eg vel å møte påstandane med.

Biletet over syner bror min. Han var kan hende litt skeptisk til at eg tok bilete av han.
Det synest eg ikkje har trong vere!

Ein smule skepsis er svært sunt