Felles for  to sistnemnde omgrepa er at eg til tider møter dei i ulike ordskifte i det offentlege rommet. Og når eg møter dei, er det gjerne av di eg har gitt uttrykk for noko den som nyttar omgrepet ikkje set særleg pris på. Slik dei vert nytta, er dei neppe meint som kompliment.

Akkurat det kan eg ikkje seie at eg tek så tungt, og her kjem nokre betraktningar om kvifor. Eg startar med eit omgrep som i liten grad har råka meg og mine meiningar, men som likevel har ein viss slektskap med dei to andre.

Sviskemusikk, ein udefinerbar sjanger

Store norske leksikon definerer omgrepet slik: «Svisker er en slangbetegnelse på enkle, søte, gjerne populære og (altfor) ofte spilte melodier.» Legg merke til at forfattaren av definisjonen, Jon Vidar Bergan, har plassert eit ord i parentes. Sikkert meint humoristisk, men kven er det som har definisjonsrett over når ein melodi vert spelt altfor mykje?

Lat oss sjå litt nærare på dei andre orda som forfattaren har nytta for å skildre sviskemusikk. «Enkel» er eitt av dei. Kva vil det seie at ein melodi er enkel? Dersom det er få notar i ein melodi, er han kan hende enkel. Ein av dei som verkeleg beherskar kunsten å uttrykkje seg med få notar, er den estiske komponisten Arvo Pärt. Her er ein peikar til eit døme på musikken hans, «Spiegel im Spiegel». Enkel, ja, men sviskemusikk?

Det ser ut til at forfattaren meiner at eit anna kriterium for sviskemusikk er at melodien er «søt». Men søt musikk, kva er det? Iøyrefallande musikk, kan hende. Ikkje veit eg. Omgrepet er så vidt eg veit, ikkje definert av nokon. Dermed må det vel vere opp til den einskilde å ha ei meining om kva som er søt musikk, og då duger det ikkje som eintydig omgrep.

Og at eit musikkstykke er populært, er vel ikkje negativt? Slik eg ser det, tyder ikkje det noko anna enn at musikken har truffe mange folk heime. Og eg trur ikkje det vil verte vrient å finne døme på musikk som har vore mykje spelt og lytta til, som dei færraste vil forbinde med omgrepet «sviskemusikk».

Det er vel også naturleg at musikk som er populær mellom folk, vert ofte spelt. Ein kan vel ikkje akkurat leggje musikken til last at han vert likt av folk?

Med utgangspunkt i det eg til no har skrive, vil eg våge meg på denne «definisjonen» av omgrepet sviskemusikk: Sviskemusikk er eit ord einskilde brukar om musikk dei sjølve har eit perifert tilhøve til, og som signaliserer at dei synest dei har betre smak enn alle dei som tykkjer om denne musikken.


Overtru, noko «dei andre» er påverka av

Store norske leksikon har også ein definisjon av omgrepet overtru: «Overtro er tro på makter og årsakssammenhenger som faller utenfor vitenskapens lover og som ikke har noen fornuftig, «rasjonell» begrunnelse.»

Ein annan stad kan vi lese (om folketru): «Tidligere kalte man dette gjerne (folketro) for overtro, en betegnelse som kom i bruk i opplysningstiden og som hadde nedsettende betydning. Forskerne har prøvd å skille mellom tro og overtro, mellom magi og religion, uten at det har lykkes å finne kvalitative forskjeller.» Forfattar: Brynjulf Alver.

Det er sikkert rett i at det av og til kan vere vanskeleg å finne eit skilje mellom religion (som i alle fall i vår kulturkrins er sterkt knytt til omgrepet «tru») og det som mange vil hevde fell inn under omgrepet overtru. Likevel meiner eg det er eitt vesentleg skilje mellom religion og andre trusuttrykk, og det er at religionen i stor grad bidreg til å forme den religiøse si oppfatning av verda, og er eit viktig fundament for vedkomande si etiske tenking. Lat historia om Maximilian Kolbe stå som eit døme på korleis trua kan styre viljen til å gjere det gode for andre.

Eg innrømmer at det er mykje eg trur, og ikkje veit. Det er ei innrømming som kostar meg lite å kome med, for eg trur at eg er i eit godt – og ikkje minst stort – selskap. Truleg er det vel slik, at dersom vi verkeleg tek ein gjennomgang av alt vi meiner å vite, vil vi sjå at mesteparten av det vi trur vi veit, er kunnskap overlevert frå kjelder vi trur vi kan tru på.

Men det er ein situasjon vi bør kunne leve med. Det handlar i fyrste omgang om å velje dei kjeldene vi vil stole på, kjelder som vi kan rekne med har betre greie på sakene enn vi sjølve. Og så skadar det ikkje å stille seg kritisk avventande til det som kjem frå desse kjeldene også. Vi bør ikkje stole på kjeldene våre i den grad at vi trur dei er ufeilbarlege.

Og så kan det vere at informasjon vi held for sann, ikkje let seg verifisere. Vi trur på han likevel. Det er også ein situasjon vi kan leve med. Eg har levd godt med den situasjonen i snart 70 år, så akkurat dette veit eg!

Religion inneheld mykje av den typen informasjon som ikkje let seg verifisere. Religiøse sanningar er sanningar for folk i den grad folk trur dei. Dei let seg ikkje verifisere vitskapleg. Og det skal dei heller ikkje. For vitskap og religion har to ulke roller: Vitskapen fortel oss «korleis», religionen seier noko om «kvifor». For eit meiningssøkjande menneske kan begge delar vere viktig.

Det er ikkje sjeldan at omgrepet «overtru» dukkar opp i ordskifte som handlar om religion. Det tek eg ganske lett på, for eg trur på den gode professor Brynjulf Alver når han skriv at omgrepet overtru er «en betegnelse som kom i bruk i opplysningstiden og som hadde nedsettende betydning».

Det interessante er at eg aldri har høyrt nokon nytte ordet om det vedkomande sjølv trur er rett. Det er alltid «dei andre» som er overtruiske. Bruken av ordet signaliserer at ein nyttar det om noko andre trur, og som ein sjølv tek avstand frå. Ut over det har det ikkje mykje konkret innhald.

Politisk korrekt er det ikkje bra å vere, seiest det

«Politisk korrekt er et uttrykk som i dag brukes, hovedsakelig i nedsettende betydning, om ulike forsøk på å endre uttrykksformer eller sensurere ytringer som enkelte kan oppleve som støtende eller diskriminerende.» Dette skriv Store norske leksikon om saka, og dei legg til: «I Norge er uttrykket også brukt i nedsettende betydning om personer som gjennomgående fremmer lite kontroversielle synspunkter, eller som ukritisk videreformidler offentlig godkjente tale- og tenkemåter.»

Personleg synest eg SNL skildrar fenomenet på ein måte som er heilt på line med slik eg opplever omgrepet brukt. Sjølv er eg blitt kalla «politisk korrekt» – eller PK for dei som verkeleg vil syne at dei beherskar sjangeren – mange ein gong.

Og ikkje sjeldan har det fylgd med påstandar at eg manglar evnen til å tenkje sjølvstendig, sidan det eg meiner er basert på offisielle kjelder, og vurderingane mine samsvarar med det til dømes helsestyresmaktene meiner, eller det som måtte foreliggje av vurderingar gjort av fagfolk innan eit problemområde, som til dømes klimautvikling.

Det kan sjå ut som om desse som strør om seg med pk-omgrepet, meir eller mindre medvite har vald å sjå vekk frå at dei som kan hende har best føresetnader for å framlegge fakta, er fagfolka. Å gi uttrykk for at ein stolar på fagkunnskap i staden for meir eller mindre laust funderte teoriar, er ikkje naudsynleg eit uttrykk for manglande tenkjeevne.

Så kan ein sjølvsagt diskutere kva ein skal gjere med den informasjonen ein har fått, og kva tiltak ein bør ty til. Men då er vi over i ein annan diskusjon, som er noko meir politisk, og som gjerne vert styrt av at ein må setje kryssande omsyn opp mot kvarandre og vege dei opp mot kvarandre.

Det kan også sjå ut som om ein og annan har ei slags kolbrennartru på at sjølvstendige tankar er kvalitativt betre enn tankar som vert delt av dei mange. Slik eg ser det byggjer påstanden på ein tanke om at positive endringar i samfunnet vårt ofte har starta med at nokon har tenkt alternativt, og alternativet har vist seg å fungere betre enn det tankegodset som tidlegare rådde grunnen. Biletet over syner ein som var i stand til å tenkje nytt og kvalitativt godt – svært godt.

Det vert likevel feil å tru at nye tankar naudsynleg er kvalitativt betre enn etablert tankegods. Eg klarar ikkje å motstå freistinga til å dra fram eit døme på at alternativ tenking ikkje alltid er heilt på høgda:

Det er dei som hevdar at jorda er flat, og det finnest kart som syner korleis jorda faktisk er utforma, etter desse si meining. Eg skal ikkje bruke lang tid på dette, men eg har lenge hatt lyst til å spørje einkvan som er tilhengar av denne teorien: Kvar foregjekk slaget om Midway etter deira oppfatning, og kva veg reiste dei amerikanske og dei japanske krigsskipa som deltok?

Nei, alternativ tenking er ikkje per definisjon eit kvalitetsteikn, like lite som konvensjonelt tankegods er eit uttrykk for manglande vurderingsevne. Strengt teke fortel uttrykket «politisk korrekt» ikkje meir enn at den/det omgrepet vert brukt om, skil seg frå tankegodset til vedkomande som brukar det, og vedkomande føler eit behov for å markere dette.

Ei kort oppsummering

Desse tre omgrepa vert nytta om tre nokså ulike emneområde. Likevel har dei noko til felles:

  • Omgrepa har i liten grad noko eintydig og konkret innhald, og er soleis ikkje mogleg å definere på ein måte alle kan samlast om. Som skildring av nokon/noko er dei soleis totalt verdlause.

  • Omgrepa signaliserer ei nedvurdering av den/det omgrepa vert nytta om.

  • Omgrepa fungerer som ein form for språkleg misbruk av makt – så lenge vi tillet at dei får ha den makta. Men kvifor i all verda skulle vi tillate det?

(Biletet over syner ein sokalla gargoyle – ein «gurglar». Slike finn ein på mange kyrkjer rundt om i Europa. Akkurat denne finn ein på Sacré Cæur-kyrkja i Paris. Funksjonen deira er å vere ein slags avløpsrøyr, som sender regnvatnet som kjem på taket i ein fin boge ut frå veggen, akkompagnert av ein gurglande lyd dersom regnet erkraftig nok – derav namnet. Motivet er ikkje tilfeldig vald.)

Om omgrep som «sviskemusikk», «overtru» og «politisk korrekt»