BT den 26. august tek Jens Kihl eit lite oppgjer med slagordet «Kutt støtta til finkultur!» som to av FrP sine meir profilerte personar presterte å promotere under eit politisk stunt på Ekebergsletta for nokre dagar siden.

Jens Kihl påpeikar med rette at dette neppe er eit standpunkt alle i FrP vil stille seg bak, og syner til fråsenger frå FrP-politikarar i Bergen som har tilkjennegitt at dei også ynskjer auka offentleg satsing på ein del (fin)kulturelle institusjonar i vår del av kongeriket. Ei satsing som etter mitt syn er høgst berettiga.

Men eg har lyst til å få fram at det som ofte vert nemnt som «finkultur» ikkje berre er ein slags kulturell glasur på kaka for dei få som måtte vere interesserte i den slags. Og eg vil gjere det ved å fortelje ei historie. Historieforteljing kan også vere kulturformidling.

Litt nord for Praha finn ein byen Terezin, som ein del kan hende kjenner betre som Theresienstadt. I november 1941 oppretta nazistane ein interneringsleir der, for jødar frå dei områda vi i dag kjenner som Tsjekkia og Slovakia. Frå då av og fram til avslutninga av andre verdskrigen var om lag 144.000 jødiske menn, kvinner og born innom denne leiren. Av desse døydde rundt 33.000 der. Om lag 88.000 vart sende til utryddingsleirar som Auschwitz. Rundt 19.000 menneske overlevde.

Terezin tente to funksjonar: Leiren bidrog til å løyse eit logistikkproblem for nazistane – ein trong ikkje sende fleire menneske av garde til utryddingsleirane enn det ein til ei kvar tid hadde kapasitet til å ta livet av. Men leiren vart også nytta til å  byggje opp under ei forteljing om kor humant nazistane behandla dei jødiske fangane sine, gjennom ulike pr-tiltak.

Eitt av tiltaka var å gi fangane høve til å drive ulike aktivitetar – i det minste til ein viss grad. Borna fekk høve til litt skulegang, og dei fekk høve til å drive med kulturelle aktivitetar. Til dømes har Det jødiske muséet i Praha rundt 10.000 barneteikningar som vart laga av jødiske born under opphaldet deira i Terezin. I mange høve er desse barneteikningane det einaste som kan vitne om at borna ein gong har levd.

Også dei vaksne fekk høve til å drive med aktivitetar, til ein viss grad. Mange av dei var leiande intellektuelle, forfattarar, komponistar, musikarar, biletkunstnarar. Dei heldt foredrag for kvarandre – det skal vere registrert meir enn 2400 foredrag halde av meir enn 500 foredragshaldarar. Og emna spreidde vidt og gjekk djupt.

Lista over bidragsytarane er stor og mangslungen, og inneheld mange fascinerande namn. For min del er eg spesielt fascinert av professor Paul Blum frå universitetet i Brno, som midt oppe i den sørgelege situasjonen han var i, studerte grotesk humor og dreiv komparative studier av tysk humor, fransk esprit og jødisk witz, og i tillegg publiserte «Funny Verses of My Own Pen».

Historia fortel om stor kulturell aktivitet blant dei jødiske innsette. Det er tydeleg at dette må ha betydd mykje for desse menneska. Vi veit at dei som var fanga i Terezin, var fullstendig på det reine med kva som truleg venta dei når tida i Terezín var over. Og det var altså kulturelle aktivitetar dei valde å fylle tida si med medan dei venta på å verte sett på toget nordover. Slike aktivitetar som einskilde finn det opportunt å rubrisere som «finkultur».

Eg trur vi kan lære noko av historia om det jødiske samfunnet i Terezin : At kulturelt arbeid av ulikt slag på ulikt vis gjer liva våre rikare. At kulturen vår kan bidra til å gjere det lettare å leve når tidene vi lever i, er usikre og vanskelege. At vi må vere meir opptekne av kultur – no.

 

Biletet oppe på sida er eit utsnitt av eit fotografi frå likhuset i Terezín. Attgitt med løyve.

«Finkultur» er sikringskost, ikkje kakeglasur!