I eit innlegg på Facebook datert november 2024 har Kjell Arild Pollestad skrive litt om det kulturelle tapet som nedtoninga av den religiøse dimensjonen i liva våre har medført for oss som lever i det sekulariserte Vesten. Han avsluttar med å sitere ein diktar som eg fram til no ikkje har oppfatta som spesielt religiøs, Rolf Jakobsen. Diktet har eg attgitt her:
Guds hjerte
Guds hjerte vet vi ikke,
men vi vet
noe som overstrømmer oss
som et regn over hendene.
Hans øyne ser vi ikke,
men vi ser
usynlig lys over alle ting
som i sommernatten.
Hans stemme hører vi ikke,
men vi finner
veier overalt og spor i hjertene
og stier med lavmælt lys.
Ein annan diktar som på sitt vis uttrykkjer noko av dei same tankane som Rolf Jakobsen, er Aslaug Låstad Lygre.
Ukjend partnar
Mange vil søkja – og finna
i kyrkje og tempelhall
og møter han – sume på berget
og sume i ein stall.
Sume vil skoda hans andlet.
Von gjev han tidt – og trøyst
– stundom i ei søyle av eld
og stundom i ei røyst.
Eg skoda aldri hans andlet.
Hans røyst har eg ikkje kjent –
men stundom legg han si hand over mi
og stiller mitt instrument.
Eg skoda aldri hans andlet,
men eingong når strengen brest,
kjem han og bryt med meg vandringsbrødet
ein siste midnattsfest
Eg skal ikkje kommentere desse dikta, ut over å seie at eg kjenner meg godt att i tankegodset dei målber.